Vegen vidare - rådgiving

Hva er rådgiving?
Elever i norsk skole har rett til nødvendig rådgiving. Gjennom sosialpedagogisk rådgiving og utdannings- og yrkesrådgiving skal eleven få hjelp til å finne seg til rette på skolen og til å ta beslutninger knyttet til framtidige yrkes- og utdanningsvalg.

Skolen skal bidra til elevenes personlige, sosiale og faglige utvikling og læring. De skal med andre ord kvalifisere elevene for et godt liv, slik at de kan fungere på ulike arenaer i samfunnet og bidra til samfunnets vekst og utvikling. Den individuelle retten til nødvendig rådgiving skal sikre at skolen oppfyller sitt samfunnsmandat når det gjelder dette.

Sosialpedagogisk rådgiving
Sosialpedagogisk rådgiving skal hjelpe den enkelte elev til å finne seg til rette i opplæringen. Den skal hjelpe elevene med personlige, sosiale og emosjonelle problemer som kan ha betydning for elevenes opplæring og sosiale forhold på skolen.

Hjelpen kan bestå i å klargjøre problemer og omfanget av dem og avklare hva skolen kan hjelpe til med. Elevene kan også få hjelp til å vurdere om de trenger hjelp utenfor skolen. Da kan rådgiveren bistå med å finne de rette hjelpeinstansene og få kontakt med disse.

Dette fagfeltet har sterke berøringspunkter med læringsmiljøfeltet og arbeidsområder knyttet både til PP-tjenesten og skolehelsetjenesten.

Utdannings- og yrkesrådgivingen
Utdannings- og yrkesrådgivingen innebærer blant annet rett til rådgiving og veiledning om

• valg av utdanning og yrker
• informasjon om utdanningsveier i Norge og andre land
• arbeidsmarkedet nasjonalt og internasjonalt
• å bruke ulike rådgivingsverktøy

Utdannings- og yrkesrådgivingen skal hjelpe elevene til å bli bevisste på sine egne verdier, interesser og forutsetninger. Dette skal gi elevene selvinnsikt og øke deres evne til å gjøre gode utdannings- og yrkesvalg. Rådgiverne skal også hjelpe elevene med å vurdere konsekvenser av valgene de gjør, og de skal forebygge feil valg av utdanning eller yrke.

Rådgivingen skal bidra til å
• utjevne sosiale forskjeller
• integrere etniske minoriteter
• sikre at elevene gjennomfører det 13-årige utdanningsløpet
• ivareta et likestillingsperspektiv

Likestillingsperspektivet ivaretas ved at rådgiverne skal gi elevene hjelpen de trenger for å utvikle seg uten hensyn til tradisjonelle kjønnsroller.

Det er skoleeiers ansvar å legge til rette for at elevenes rettighet til nødvendig rådgiving oppfylles.

Elevane som har byrja på vg1 studiespesialiserande, skal allereie i vg1 ta ein del val, t.d. val av matematikkvariant og programfag. Vala som elevane gjer, kan ha betydning når dei skal søkje vidare på høgskolar og universitet. Mange elevar er derfor usikre på kva dei skal velje. Eg har nedanfor skrive opp nokre nettsider der det er lagt ut informasjon som kan gje grunnlag for eit tryggare val. 

I tillegg til denne informasjonen, er sjølvsagt alle elevar velkomne til rådgjevarkontoret får å få meir informasjon. Er eg ikkje å treffe på kontoret, kan elevane også vende seg til resepsjonen for å lage ein avtale. 

Samordna Opptak 

Når elevane startar på vg3, skal dei søkje seg vidare til høgskolar og universitet innan 15. april. Dei skal da logge seg inn på Samordna Opptak og nytte ein ”samlesøknad” for alle offentlege høskolar og universitet. På nettsida for Samordna Opptak er det også lagt ut informasjon om inntakskrav når det gjeld fag, poengkrav, antall studieplassar osb. Der finn ein også ein link til Inntaksforskrifta. Det er også lagt ut ein link til Studieoversikta som gjer mykje viktig informasjon. 

Samordna opptak:

http://www.samordnaopptak.no/info/ 

Forskrift om opptak til høgare utdanning:

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2017-01-06-13

Studieoversikta 2022:

https://sok.samordnaopptak.no/#/admission/8/studies 

​​​​​​Vegen til val

På ungdomsskulane har utdanning- og yrkesinformasjon vore eige fag dei siste åra. Vi håpar derfor at dei elevane som startar på Surnadal vidaregåande skole har eit godt grunnlag for å ta sine val. 

Vegen fram til høgskole- og universitetsval, er som eg har nevnt tidlegare noko ein må starte å reflektere over alt i vg1. For å hjelpe elevane i gang, må alle elevane i vg1 på studiespesialiserande gjennomføre Skoletest. Dette er en interesse- og ferdigheitstest som kan gje elevane hjelp til det endelege valet. Det ligg også liknande testar på internett, t.d. på NAV. 

Skoletest er ein test som skolen har brukt i mange år med godt resultat. Også denne testen ligg på internett, og elevane får tildelt brukarnamn og passord. Testen blir gjennomført tidleg på vg1 under instruksjon av rådgjevar. Her er lenke til testen:

 http://www.skoletest.no/ 

Skoletest gir ikkje noko fasitsvar på kva ein elev skal velje, men er meint å vere eit utgangspunkt for refleksjon. I løpet av denne refleksjonsprosessen stiller elevane seg mange spørsmål. Rådgjevar er sjølvsagt tilgjengeleg for å svare på mange av desse spørsmåla, men mange elevar søkjer også på internett. Nedanfor har eg laga oversikt over nettsteder som eg meiner er gode: 

http://utdanning.no/ 

http://www.velgriktig.no/ (mest for realfaga) 

Ein finn sikkert mange andre nettsider som gjer god informasjon, men det er desse eg brukar mest. 

Elevane som no nærmar seg avslutninga på vg3, skal nok ein gong ta eit stort og vanskeleg val. Dei skal ofte halde fram på høgare studier, ta val om yrke og kanskje flytte frå nærmiljø og foreldre. Kort sagt prøve å ”stå på eigne bein”. 

Eg vil nedanfor prøve å gje informasjon som kanskje kan gjere valet lettare. Eg kan sjølvsagt ikkje bestemme kva den enkelte skal bli, men hjelpe til å skaffe informasjon om utdanningsvegar og yrke. I tillegg til den informasjonen eg har skrive her, er alle elevar velkomne til rådgjevarkontoret for å få meir informasjon.

Er eg ikkje å treffe på kontoret, kan elevane også henvende seg i resepsjonen for å gjere ein avtale. 

Surnadal videregående skole vil dette skoleåret arbeide etter denne plana for å gje informasjon til elevane:  

Hausten 2022:
Skoletest/informasjon om studieoversikta/inntakskrav.
Individuelle samtalar.                

Februar 2023:     
Studieorientering av høgskular/universitet (veke 6 eller 7).

Februar 2023:
Digital utdanningsmesse i Trondheim 02.02.23.

Mars/april 2023:  
Individuelle samtalar
Søkehjelp (Søknadsfrist 15. april) 

Mai 2022:        
Oppfølging av søknad: omslagsark, omprioritering osv. 
                       
Eg hadde håpa at Skoletesten på vg1 hadde ”utløyst” nokre tankar om kva ein skal gjere vidare. Fleire vil kanskje oppdage at dei ynskjer meir informasjon og at dei hadde tatt kontakt med rådgjevar for å få hjelp.
For å følgje opp denne ideen har eg satt opp individuelle samtalar. Vi kan da kanskje fått avklart nokre spørsmål og nye kan dukke opp. Dette er heilt normalt! Eg håpar imidlertid å unngå at elevar tek sine val på rein impuls like før søknadsfristen går ut den 15. april. Vala bør vere best mogleg gjennomtenkte og reflekterte. 

Ein ny runde med informasjon vil elevane få i byrjinga av februar. I år vil det bli en universitetsturne på skulen som elevane kan delta på. Ein arbeider med form og innhald enno. Dersom opplegg blir noko likt tidlegare år, vil det blir presentasjon frå ein rekkje høgskular og universitet. Også Statens Lånekasse for Utdanning har vore med tidlegare. Eg vil informere meir om studieorienteringa når eg veit meir.

I starten av februar vil det bli ei utdanningsmesse i Trondheim som de kan melde seg på etter ønske.

I perioden mars og fram til 15. april vil elevane måtte ta det endelege valet og fylle ut søknadsskjemaet om ein skal studere vidare. Eg vil gje tilbod til alle om samtale slik at alle skal vere sikre på søkarprosessen. Eg vil også orientere om dei ulike fristane og korleis ein fyller ut søknadsskjemaet. Studieoversikta som skal vere grunnlaget for denne prosessen, vil antakeleg ikkje kome før i februar/mars. Studieoversikta kan elevane finne på heimesida til Samordna Opptak.

Nettadressa er: https://www.samordnaopptak.no/info/ 

Treng ein meir informasjon av ulike typar, er det berre å ta kontakt.

Kva skal vere avgjørande ved eit val?

Vi kan alle ha våre draumar om eit framtidig yrke, men du må prøve å ha realisme i dine val. Ikkje alle kan bli profesjonelle fotballspelarar, legar eller liknande. Du må tenkje gjennom kva du har lykkast med og kva du trivst med så langt i livet ditt. Det er du som kjenner deg sjølv best. I tillegg kan du hente informasjon frå foreldre, venner, lærarar osb. Du kan også få idear ved å gjennomføre ulike testar. Mykje informasjon finn du også på «Utdanning.no».

Når du har summert opp denne informasjonen, har du kanskje danna deg eit bilete. I tillegg kan du også vektleggje utviklingsmoglegheiter, arbeidsforhold som miljø/kollegaer og moglegheitene på arbeidsmarknaden. Dette kan det vere vanskeleg å skaffe seg informasjon om, men kanskje du har nokon som kjenner nokon...

Det er vanskeleg å spå om framtida, dette gjeld også utviklinga på arbeidsmarknaden.

Kva så med lønsnivå ? Eg trur at dei fleste yrke i Norge i dag har så godt lønsnivå at det er mogleg å leve av det. Det er også feil å fokusere for mykje på løn. Mange undersøkingar har vist at det er andre komponentar som er meir avgjørande når ein skal velje seg eit yrke for framtida.

Samordna Opptak 

Elevane som går på vg3, skal normalt søkje seg vidare til høgskolar og universitet innan 15. april. Dei skal da logge seg inn på Samordna Opptak og nytte ein ”samlesøknad” for alle offentlege høgskolar og universitet. På nettsida til Samordna Opptak, er det også lagt ut informasjon om inntakskrav om fag, poengkrav, antall studieplassar osb. Du finn også link til Inntaksforskrifta, og det er også lagt ut ein link til Søkjarhandboka som gjev mykje viktig informasjon. 

Samordna Opptak:

 http://www.samordnaopptak.no/info/ 

Forskrift om opptak til høgare utdanning:

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2017-01-06-13

Studieoversikta 2022: 

https://sok.samordnaopptak.no/#/admission/8/studies

Samordna Opptak nyttar ein til offentlege høgskolar og universitet i Norge. Skal du søkje andre skolar har desse ofte eigne søknadsskjema på sine heimesider.

Eg gjer merksam på at søknadsfristen til Politihøgskolen er 1. mars (https://www.phs.no).  Det er ikkje alderskrav om å vere 20 år.

Vegen til val

Vegen fram til høgskole- og universitetsval er noko ein må begynne å reflektere over allereie i vg1. For å hjelpe elevene i gang, har alle elevane i vg1 på studiespesialiserande gjennomføre Skoletest. Dette er ein interesse- og ferdigheitstest som kan gje elevane hjelp til det endelege valet. Det ligg også liknande testar på internett, til dømes på NAV. 

Skoletest er ein test som skolen har brukt i mange år med godt resultat. Også denne testen ligg på internett, og elevane får tildelt brukarnamn og passord. Testen blir også gjennomført tidleg på vg3 under instruksjon av rådgjevar. Ein kan også ta testen seinare i skoleåret. Har du ikkje lenger passord og brukarnamn, kan du ta kontakt med rådgjevar. 

http://www.skoletest.no/  eller http://www.you-portalen.no/login/ 

Skoletest gir ikkje noko fasitsvar på kva ein elev skal velje, men er meint å vere eit utgangspunkt for ein refleksjon. I løpet av denne refleksjonsprosessen stiller elevane seg mange spørsmål. Rådgjevar er sjølvsagt tilgjengeleg for å svare på mange av desse spørsmåla, men mange elevar søkjer også sjølv på internett. Nedanfor har eg laget ein oversikt over nettstader som eg meiner er gode: 

http://utdanning.no/ 

http://www.velgriktig.no/ (mest for realfaga) 

Du finn sikkert mange andre nettstader som gjev god informasjon, men det er desse eg personleg brukar oftast!

Studier i utlandet 

Fleire elevar vurderer å studere i utlandet. Dette kan ein gjere ved anten å ta heile studiet i utlandet eller berre delar av det. Skal ein ta heile studiet i utlandet, er det lurt å søkje informasjon på www.ansa.no

Søknadsfristar og inntakskrav vil variere frå land til land, så det er vanskeleg å lage ei fullstendig oversikt. Dei elevane som er interesserte kan derfor kome på kontoret til rådgjevar for å få meir informasjon. 

Fleire høgskolar og universitet har også tilbod til studentane om å ta hele eller deler av studiet i utlandet. Informasjon om dette ligg på heimesidene til dei ulike skolane. 

Andre aktuelle sider : 

www.studyacrossthepond.com 

www.sonor.no 

http://siu.no    (mye om internasjonal utveksling og lignende) 

Bolig/hybel 

Du får vite kva for studium du får starte på mot slutten av sommerferien. Hovudopptaket var i 2022 den 20. juli og svarfristen den 24. juli. Mange ventar med å skaffe seg bolig til ein veit kva ein skal starte på. Har du gode karakterar og veit at du er kvalifisert for studiet, kan du sjølvsagt starte tidlegare med å skaffe deg ein bolig. Tildeling av studenthyblar på ”studentbyane” vil imidlertid ikkje skje før hovudopptaket er ferdig.

Mykje informasjon om boligar / hyblar i Trondheim finn du på www.sit.no. Dette er ein studentsamskipnad som hjelper studentane med mange praktiske ting. Liknande ordningar finn ein i dei fleste stader som har eit utdanningstilbod. 

Folkehøgskole 

Om du ønskjer eit friår frå vanleg skole kan ein folkehøgskole vere eit alternativ:

http://www.folkehogskole.no/      
(Folkehøgskoler i Norge)

http://www.hojskolerne.dk/     
(Folkehøgskoler i Danmark)

http://www.folkhogskolor.fi  
(Folkehøgskoler i Finland)

http://www.folkhogskola.nu/ 
(Folkehøgskoler i Sverige)

Eg vil til slutt reklamere for skolens heimeside der vi vil prøve å legge ut ny og oppdatert informasjon om emnet kontinuerleg. Nettadressen er: www.surnadal.vgs.no

 

Snarvegar

Kontakt