Reglement

 § 1 Som brukar av skulebiblioteket skal eleven følgje utlånsreglane. Alt materiell som vert lånt ut av skulebiblioteket, også lærebøkene, er skulen sin eigedom.

§ 2 Det ein låner skal innleverast til avtalt tid og i god stand. Det betyr at: - ein ikkje skal skrive, streke under eller bruke markørtusj i bøkene - bøkene ikkje skal mangle sider, ha vasskade, vere tilgrisa eller på annan måte ha meir enn normal slitasje

§ 3 Låntakaren er sjølv ansvarleg for alt materiell som vert lånt på lånekortet. Dersom materiell går tapt eller vert øydelagt, er låntakaren erstatningspliktig.

§ 4 Etter 3 purringar frå skulebiblioteket, utan reaksjon frå låntakaren, vert det sendt rekning ut frå gjeldande erstatningssatsar. Dersom materiellet framleis ikkje vert innlevert, eller rekninga ikkje betalt, vil ein sende inkassokrav

 Siste oppdateringar (11.08.2021)

Viktig endring: sjå § 1 i fråværsreglementet for endring av føring av fråvær ved overgang til Visma InSchool (VIS). Frå om med skoleåret 2021-22 skal det ikkje førast fråvær om ein elev kjem for seint til undervisningstimen. 

Fråværsgrensa og trafikkopplæring.  Sjå oppdatert fråværsreglement § 11 bokstav h. 

Deler av køyreopplæringa til førarkort klasse B skal unntas frå fråværsgrensa. Det gjeld tryggleikskurs på bane (4 timar) og andre og tredje del av tryggleikskurs på veg (5 timar køyring på landeveg og 4 timar planlegging og køyring i variert trafikkmiljø), jf. forskrift til opplæringslova og forskrift til friskolelova § 3-9. Det er kun gjort unntak frå dei obligatoriske delane av køyreopplæringa som er vanskeleg å kombinere med skolekvardagen. Det er ikkje gjort unntak frå teoretisk og praktisk førarprøve. Endringane gjeld frå 1. august 2019. 

Det skal ikkje førast fråvær for avtalt samtale med rektor eller andre tilsette og intervju til læreplass, sjå oppdatert  fråværsreglement § 14 bokstav f og g.

Framleis gjeldande: 

Uekte legeerklæringar er dokumentforfalsking (og straffbart) - elevane må få vite dette

Det kan ikkje førast fråvær som sanksjon for å ikkje levere ei oppgåve (dersom til dømes læraren og eleven ikkje er i same rom)

Dokumentasjon bør bli vist fram frå første fråværsdag, og takast vare på av kontaktlærar. 

Eleven må få høve til å legge fram dokumentasjon før det vert fatta enkeltvedtak om at eleven ikkje får standpunktkarakter i fag. 

Dokumentasjonskrav:

Legeerklæring ved sjukdom.

Kvittering eller stadfesting på planlagde/ akutte timar hos lege, tannlege, sjukehus og liknande

Dokument som skal takast vare på etter arkivlova med forskrifter, skal arkiverast som fastsett av skolen/skoleeigar

Eleven skal ikkje få fråvær i eit fag når eleven er på skolen og gjer noko anna fagleg. Elevane skal alltid vite kva for eit fag dei har undervisning i. Sjå §§ 5 og 14 i Fråværsreglementet.

Eleven skal ikkje få fråvær i timar som skolen etter timeplanen har planlagt å tilby, men som likevel fell bort, til dømes grunna utløysing av brannalarm, mangel på vikar eller liknande.

Organisert studiearbeid og velferdsgrunnar kan ikkje nyttast for å unnta fråvær i forbindelse med køyreopplæring. Sjå § 11 bokstav h i fråværsreglementet for delar av køyreopplæringa til førarkort klasse B som skal unntakas frå fråværsgrensa.

Eleven mistar ikkje rett til undervegsvurdering og har rett til å delta i faget sjølv om han/ho ikkje får karakter

Skolane bør ha gode rutinar for varsling, vi tilrår varsling etter 5% fråvær og samling og koordinering av varselbrev for utsending til føresette eller elevar over 18 år.

Varsel for halvårsvurdering er ikkje gyldig som varsel for standpunktkarakter. Det skal sendast eige varsel når eleven står i fare for ikkje å få halvårsvurdering, og eige varsel når eleven står i fare for ikkje å få standpunktkarakter.

Varselbrev skal ikkje annulerast sjølv om eleven kjem med dokumentasjon. Hensikta med varsling er at eleven skal kunne rette opp i fråværet, enten med dokumentasjon, tilstedeværelse eller vurderingsgrunnlag der det er manglande. Rektor må sikre at reglane og rutinane for varsel om fare for ikkje å få vurdering med karakter er kjent for alle lærarane.

Skolane bør arbeide med felles handheving av ordensreglementet og rutinar for fråværsføring i sitt kollegiet.

For å ivareta elevar som har ein vanskeleg livssituasjon kan rektor bruke skjønn for udokumentert fråvær inntil 15%. Dette er ein snever unntaksregel, der årsaka til fråværet er den avgjerande faktoren i den skjønnsmessige vurderinga til rektor.

Rektor avgjer om levert dokumentasjon på kronisk sjukdom er eigna eller om det er behov for ny eller meir spesifikk dokumentasjon avhengig av eigenarten til faget eller varigheita til erklæringa.

Fråvær utan dokumentasjon kan føre til nedsett karakter i orden eller åtferd, og det er skolen som avgjer kor mange slike merknader som fører til nedsett karakter.

Det er nok med eitt varsel i fag med fleire karakterar, til dømes norskfaget.

Føring av fråvær på dokumentasjon:

Ved fritak i fag, skal ikkje fråvær i faget førast på dokumentasjon.

Ved fritak frå vurdering i faget, skal fråvær førast. Eleven har då plikt til å delta i opplæringa.    

Tillegg til ordensreglementet for elevane ved Surnadal vidaregåande skole:

Motorisert ferdsel og parkering på skoleområdet i skoletida.

1. Definisjonar:

Skoleområdet omfattar heile Øyeområdet der Øye skule, Surnadal ungdomsskule, Surnadal vidaregåande skole, Øye barnehage og Surnadal idrettshall er lokalisert, inkludert vegen frå Fv 65 til Surnadal idrettshall og alle parkeringsplassane knytt til denne med unntak av parkeringsplassen sør for Øye kyrkje.

Skoletida er for elevar ved Surnadal vidaregåande skole tida frå elevane kjem på skolen noko før kl 08 til elevane har forlate skoleområdet ca kl 14:45. For elevar som har undervisning på skolen/i idrettshallen til andre tider enn dette, er òg denne tida å sjå på som skoletid. 

2. Unødvendig køyring med motorisert køyretøy  er ikkje tillatt på skoleområdet i skoletida. 

3. Mopedar og motorsyklar skal parkerast på tilvist/skilta plass. 

4. Parkering av bilar og andre motoriserte køyretøy er ikkje tillatt på skoleområdet i skoletida. Parkeringsplassen sør for Øye kyrkje kan nyttast. 

5. Dette reglementet er ein del av ordensreglementet ved Surnadal vidaregåande skole. Brot på reglementet vil bli handsama i tråd med bestemmelsane om sanksjonar i Forskrift om ordensreglement for dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune, §8 og §9.

Følgjande reglar gjeld for Surnadal vgs: 

1. Under prøven skal det vere stilt i klasserommet.

2. Elevane må ikkje ha noka form for kommunikasjon seg imellom verken direkte eller digitalt via div nettverk. Elevar som ønskjer opplysningar, treng noko eller ønskjer å forlate rommet  for kortare tid, må vende seg til den som har tilsyn med klassen.

3. Elevane er sjølve ansvarlege for at dei har med tillatne hjelpemiddel. Hjelpemiddel skal ikkje lånast frå andre elevar under prøven. Eventuelt  lån av tillatne hjelpemiddel skal skje før prøven tek til. Sekker, vesker, mobiltelefonar m.m. skal setjast på tilvist plass i klasserommet. Mobiltelefonar og anna elektronisk kommunikasjonsutstyr som mp3-spelar og liknande, skal vere avslått og skal heller ikkje brukast i pausar/ved lufting.

4. Elevar som på grunn av sjukdom ikkje kan møte til ein prøve, må straks melde frå til skolen. Kjøretimar blir ikkje godkjent som dokumentert  fråvær ved heildagsprøvar og prøvar som er varsla i god tid. Ny prøve kan bli gjeven til elevar som ikkje møter på ein prøve. Den nye prøven kan bli gjeven utan varsel og ny førebuingstid.

5. Dersom ein elev blir teken i fusk eller forsøk på fusk i samband med prøven, skal eleven få fullføre prøven, men få melding om at han blir rapportert til faglærar/kontaktlærar, og at det er fare for annulering av prøven samt nedsett karakter i åtferd. Fusk og forsøk på fusk kan vere: - prate med medelevar under prøve - gi eller prøve å gi eller formidle hjelp som ikkje er tillaten, til andre - motta slik hjelp som nemnd ovanfor - opprette/delta i faste eller mobile nettverk som kan brukast til å kommunisere med andre under prøven - ha tilgang til eller bruke hjelpemiddel som ikkje er tillatne etter at oppgåvene er delt ut.

6. Ved lufting av elevar på prøvar skal det normalt vere maks. 6 elevar i kvar gruppe; ein og ein elev får gå på toalettet.

7. Heildagsprøvar er laga slik at elevane skal kunne arbeide med faglege oppgåver det meste av dagen (kl 09-14). Dersom ein elev skal få levere før kl 12, må det vere etter samråd med faglærar. Eleven må likevel bruke resten av skoledagen på skolen til fagleg arbeid etter avtale med faglærar/kontaktlærar. Dersom ein elev leverer og går frå skolen før kl 12 på ein heildagsprøve utan at dette er avtalt med faglærar/kontaktlærar, blir fråværet resten av dagen vurdert som ikkje dokumentert fråvær/skulk.

8. Ved korte prøvar (1-3 timar) skal elevane sitte tida ut viss ikkje anna er avtalt med faglærar. 9. Kontaktlærar er ansvarleg for å gjere dette reglementet  kjent for sin klasse.

Snarvegar

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.