Alle elevar i vidaregåande skole er forsikra mot ulykker, også lærlingar og lærekandidatar.
Når og kvar gjeld forsikringa?
Ho gjeld mellom anna:
- innanfor skolen sitt område og naturlege nærområde i ordinær skoletid.
- under deltaking i undervisning, leiker, idrettsutøving, ekskursjonar, stevner, reiser og anna som foregår i regi av skolen si leiing, som Operasjon Dagsverk.
- under klasseturar, reiser og arrangement kor lærar deltek
- på direkte veg til og frå skolen og heimen
- under praktisk yrkesopplæring og opplæring i arbeidslivet som ein del av undervisninga. Forsikringa gjeld då skader som skjer i ordinær arbeidstid og dessutan på direkte veg mellom heimen og arbeidsplassen.
Forsikringa gjeld ikkje i fritida. På dokumentet om elevforsikring kan du lese heile forsikringsavtalen.
Dersom du har spørsmål, kan du kontakte skolen din.