Lånekassen

Elevar i vidaregåande opplæring med ungdomsrett får utstyrsstipend frå Lånekassen. Hugs at du må søke for å få det. Når du søker, sjekkar Lånekassen automatisk om du har rett til andre stipend, som for eksempel grunnstipend eller bustipend.

Du kan søke om stipend når du har takka ja til skoleplass. Er du over 18 år kan du signere avtalen digitalt. Er du under 18 år, må føresette signere avtalen. Søknadsfristen er 15. november.

Utstyrsstipendet skal dekke individuelt utstyr som er nødvendig i opplæringa. Det kan f.eks. vere kalkulator, kladdebøker, skrivesaker, permar, ordbøker osv.

Du kan lese meir om dei ulike stipendordningane på nettsida til Lånekassen. 

Snarvegar

Kontakt