Elevråd

Tillitselevane utgjer elevrådet ved skolen og er offisielt talerør for elevane overfor skoleleiinga.

I elevrådet kan du mellom anna arbeide med saker som gjeld læringsmiljø, arbeidsforhold og elevvelferd.

Elevrådet består av tillitsvalde frå dei ulike klassane, og blir valt kort tid etter skolestart. Deretter blir det etablert eit elevrådsstyre, der dei skal velje to representantar med vararepresentantar til skoleutvalet, som er det øverste rådgivande organet ved skolen. 

Elevrådet vel òg elevrepresentantar til skolemiljøutvalet som skal arbeide for at skolen, dei tilsette og elevane er aktive i arbeidet med å skape eit godt skolemiljø.

Elevrådsstyret 2022-2023 ser slik ut: 

VervNamnGruppe
LeiarIngeborg Saltrø Polden1ST2
NestleiarMarion Dragset3PB
StyremedlemAndreas Roaldset3AU
StyremedlemJohn Bjørnar Eggen Sæther2TØ
ReferentJannicke Stenberg2ST
Møtande varaRagnhild Berg2BU
Møtande varaAstrid Dammen Gjeldnes3ST