Skoleutvalet

Ved kvar vidaregåande skole skal det vere eit skoleutval, jf Opplæringslova § 11-5. Etter fylkestingvedtak 11.12.02 (T90/02) skal dette utvalet ha både eksterne og interne representantar.

Skoleutvalet er eit rådgjevande organ for skolen, med eit spesielt ansvar i høve til kvalitetsarbeid ved skolen.

Skoleutvalet 2023-2024  
Elevar:  
Ingeborg Saltrø Polden2STingeborg6130@gmail.com
Magnus Sørebø3STmbs05@icloud.com
Vara  
Inger Emilie G. Øye1HOinger-emilie@hotmail.com
Simon Honnstad Iversen2BUsimonivhon@gmail.com
Tilsette  
Katrine Schei Bergheim PlasstillitsvaldKatrine.Schei.Bergheim@mrfylke.no
Vara  
Espen Fougli VraalsenPlasstillitsvaldEspen.Fougli.Vraalsen@mrfylke.no
Leiinga  
Hilde AndersenRektorhilde.andersen@mrfylke.no
Føresette  
John Henry Otnes 

johnotnes@gmail.com

Vara  
Øystein Halle oehall@inline.no
Samfunnskontakt  
Silje Storsand Ustad silje.ustad@pipelife.com
Mons Otnes mons.otnes@rindal.kommune.no

 

REGLEMENT FOR SKOLEUTVAL VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE I MØRE OG ROMSDAL

§1 Føremål
Ved kvar vidaregåande skole skal det vere eit skoleutval, jf opplæringslova §11-5.

Skoleutvalet er eit rådgjevande organ for skolen, med eit spesielt ansvar i høve til kvalitetsarbeidet ved skolen.

Fylkestinget opnar for einskildforsøk når det gjeld ytterlegare utviding av avgjerdsmynde for skoleutvalet i strukturspørsmål. Utdanningsutvalet skal ta avgjerd om forsøk etter søknad frå dei vidaregåande skolane. I tillegg blir det opna for at skolar kan søkje om forsøk med styre (institusjon med styre).

§2 Val og samansetting
Skoleutvalet skal ha 7 medlemer med varamedlemer.

Elevane skal ha 2 medlemer med varamedlemer valde av elevrådet.

Drifts- og pedagogisk personale skal ha eitt medlem med varamedlem valde mellom dei tilsette.

Rektor skal vere representant for fylkeskommunen.

Føresette skal ha eitt medlem med varamedlem valde av foreldremøte på vg1-nivå tidleg kvar haust.

To medlemer, med varamedlemer frå lokalt samfunnsliv blir oppnemnd av fylkesrådmannen etter framlegg frå rektor.

Representantar for elevar og føresette blir valde for eitt år. Dei øvrige medlemane blir valde/oppnemnde for to år.

Utvalet vel sjølv leiar og nestleiar for eitt skoleår om gongen.

Det skal i størst mogeleg grad vere gjennomgåande representasjon i skoleutval, tilsetjingsutval og arbeidsmiljøutval ved den einskilde skole.

§3 Arbeidsområde
Skoleutvalet skal ha ansvar på desse områda:
• Oppfølging av kvalitetsarbeidet ved skolen (prosess, innhald, og resultat), gjennom tildømes brukarundersøkingar og kartlegging av læringsmiljø
• Godkjenning av mål- og tiltaksplan og årsmelding
• Initiering av utviklingsarbeid Skoleutvalet skal ha uttalerett på desse områda:
• Mindre investeringar i tråd med fylkestinget sine vedtak om økonomiske rammer
• Disponering av driftsbudsjettet
• Justeringar av skolen sin organisasjonsmodell
• Tilbodsstrukturen ved skolen – skolebruksplanen

§4 Møte og sekretariat
Skoleutvalet held møte når leiaren eller rektor finn det naudsynt, eller når minst 4 av medlemene krev det. Skoleutvalet skal ha minst tre møte i året.

Utvalet skal kallast inn skriftleg med minst 5 dagars varsel.

Utvalet er vedtaksført når minst 4 medlemer/varamedlemer møter.

Det skal førast referat frå møta, som skal sendast skoleutvalet sine medlemer og varamedlemer, samt fylkesutdanningsjefen.

Rektor er sekretær for skoleutvalet.

Medlemene eller andre som møter i skoleutvalet, har vanleg teieplikt, jf. Fvl. §13 og Strl.§121.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.