Foreldrepålogging

Føresette til elevar under 18 år kan søke om tilgang til Skolearena for å få same oversikta som elevane og kunne leggje inn fråværsmeldingar på vegne av eleven.

Korleis få tilgang?
Gå til www.skolearena.no og vel «foresatte» og deretter «ny foresattbruker». Når alle opplysningane er fylt inn; klikk «send forespørsel». Du vil få ei stadfesting på e-post, og kontaktlærar vil godkjenne søknaden din. Du vil få tilsendt eit passord. Hugs å velje Møre og Romsdal fylke i nedtrekksmenyen når du skal logge inn på Skolearena. 

Du vil automatisk miste tilgangen når eleven fyller 18 år. Utvida tilgang kan bli gjeve dersom eleven skriv under på samtykkeskjema.