Fråværsgrensa i korte trekk

Ein viser til Forskrift til opplæringslova § 3-3 siste ledd:

• Elevar i vidaregåande skole skal møte opp og delta aktivt i opplæringa.

• Dersom ein elev har meir enn 10 prosent udokumentert fråvær i eit fag, vil han eller ho som hovudregel ikkje ha rett til å få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i faget, og læraren kan heller ikkje setje slike karakterar.

• Eleven må leggje fram relevant dokumentasjon for å få fråvær unntatt frå fråværsgrensa.

• Dersom eleven har mellom 10 og 15 prosent udokumentert fråvær og fråværsårsaka gjer det klart urimeleg at eleven ikkje skal kunne få karakter, kan rektor bestemme at han eller ho likevel får karakter.

• Fråværsgrensa gjeld timefråvær i enkeltfag, ikkje det totale fråværet til eleven.

• Eleven skal få eit varsel om han eller ho står i fare for ikkje å få karakter på grunn av fråvær.

• Glattkøyring og enkelte andre delar av trafikkopplæringa blir  ikkje bli rekna med i fråværsgrensa for elevar i vidaregåande skole. Dei nye unntaka gjeld berre dei obligatoriske køyretimane som er vanskeligst å kombinere med skolekvardagen. Endringene er begrensa til å gjere unntak for fråvær for 4 timar sikkerheitskurs på bane (trinn 3), samt del 2 og 3 (totalt 9 timar) av sikkerheitskurs på veg (trinn 4).

• Les meir om fråværsreglementet på www.udir.no.