Undervisningsevalueringa 25-26

I perioden 17. november - 12. desember vil undervisningsevalueringa 25-26 bli gjennomført ved skolen. Evalueringa skal være eit verktøy for å gjere opplæringa betre. 

Det er politisk vedteke at vidaregåande skolar i Møre og Romsdal skal gjennomføre ei undervisningsevaluering kvart skoleår. Resultata vil brukast i utviklingsarbeid mellom lærar og undervisningsgrupper, og mellom lærar og avdelingsleiar. 

Den gjennomførast som ei elektronisk spørjeundersøking som elevane skal gjennomføre i skoletida. Det er frivillig for elevane å svare, men vi oppfordrar dei til å delta. Svara behandlast konfidesielt, og ingen vil kunne idientifisere enkeltsvar. 

Spørsmåla er like for alle fag / undervisningsgrupper. Spørjeskjemaet er er utvikla i samarbeid mellom Rambøll Management Consulting og Møre og Romsdal fylkeskommune. Skjemaet inneheld spørsmål fordelt på fire tema:

  1. Eleven si meistring og motivasjon
  2. Vurderingspraksis
  3. Støtte frå lærar
  4. Læringsmiljøet i gruppa

 

Informasjon om undervisningsevalueringa 25-26.pdf (PDF, 395 kB)