Undervisningsevalueringa 2024-2025
Den nærmeste tida vil undervisningsevalueringa 2024-2025 bli gjennomført ved skolen. Evalueringa skal være eit verktøy for å gjere opplæringa betre.
Det er politisk vedteke at vidaregåande skolar i Møre og Romsdal skal gjennomføre ei undervisningsevaluering kvart skoleår. Formålet er at evalueringa skal være eit verktøy for kvalitetsutvikling i opplæringa. Den gjennomførast som ei elektronisk spørjeundersøking, og det er frivillig for elevane å svare.
Undersøkinga inneheld spørsmål fordelt på fem tema:
- Eleven si meistring og motivasjon
- Læringsmiljøet i gruppa
- Vurderingspraksis
- Støtte frå lærar
- Faglege utfordringar og forventningar.
Brev frå rektor om undervisningsevalueringa 2024-2025 (PDF, 364 kB)