Informasjon om kartleggingsverktøyet Spekter

Skolen vil i løpet av skoleåret kartlegge klassemiljøa på VG1

Det digitale verktøyet Spekter vil bli nytta i undersøkinga. Den er planlagt gjennomført i alle vg1-klassar no i haust, men det kan óg bli aktuelt i andre klassar på andre tidspunkt i skoleåret. Målet med undersøkinga er å få innsikt i korleis elevane opplever miljøet i klassen sin som grunnlag for å ivareta og vidareutvikle eit trygt og godt klassemiljø. 

Spekter er ei anerkjend undersøking som i fleire år har vore bruka av skolar over heile landet. Undersøkinga er utvikla for å gi elevane ei stemme og synleggjere korleis klassemiljøet blir opplevd. Undersøkinga blir gjennomført digitalt på skolen og tek om lag 10–15 minutt. 

Kvifor gjer vi dette? Eit godt skolemiljø er avgjerande for læring og trivsel. Ved å bruke Spekter får vi eit betre grunnlag for å: 

  • Styrkje det sosiale fellesskapet. 
  • Fange opp signal tidleg. 
  • Setje inn målretta tiltak der det er behov. 

Om undersøkinga: 

Elevane svarar individuelt via Feide-innlogging. 

Undersøkinga er ikkje anonym, men svara er konfidensielle og blir berre bruka av tilsette som har behov for informasjonen i arbeidet med klassemiljøet. 

Resultata blir også bruka i det systematiske arbeidet med elevane sitt psykososiale miljø, i tråd med Opplæringslova kapittel 12. 

Dersom de har spørsmål om Spekter-undersøkinga, er de velkomne til å ta kontakt med kontaktlærar eller skoleleiinga. 

Nærmare informasjon finn de óg på spekter sine heimesider: Om Spekter Digital