Undersøkinga blir gjennomført i alle klassar ved Surnadal vidaregåande skole dei nærmaste vekene.
Svara skal brukast av skolen, kommunen og staten for å følge opp skolemiljøet og trivselen til elevane. Det er frivillig å svare på Elevundersøkinga og det er også muleg å hoppe over spørsmål.
Elevane oppgir ikkje navn, og det er ikkje knytt personnummer til svara. Det er derfor vanskeleg å finne ut av kven som har svara kva i undersøkinga. I nokre få tilfelle (t.d. ved små skolar), kan det likevel være risiko for at ein kan gjenkjenne kven som har svara kva. Derfor er det svært strenge reglar for visning av resultat ac undersøkinga til skolen, skoleeigar og statlege utdanningsmyndigheiter. Resultata frå undersøkinga blir ikkje publisert på ein måte som gjer det muleg å kjenne igjen elevane sine svar.
Utdanningsdirektoratet har ansvaret for at svara i Elevundersøkinga blir lagra og bruka på riktig måte. Svara blir lagra så lenge det er nødvendig, og kan bli bruka til forskning og statistikk og kan lagrast i arkiv. Statistikk frå undersøkinga er tilgjengelig på udir.no.
Her finn du utfyllande informasjon om Elevundersøkinga og personvern på fleire språk