Undersøkinga gjennomførast i perioden 28. oktober t.o.m. 29. november.
Svara brukast av skolen, kommunen og staten for å følge opp skolemiljø og trivsel til elevane. Det er frivillig å svare på Elevundersøkinga, og det er også mulig å hoppe over spørsmål.
Elevane oppgir ikke navn, og det er ikke knytt personnummer til svara. Det er derfor vanskeleg å finne ut av kven som har svara kva i undersøkinga. I nokre få tilfelle (t.d ved små skolar), kan det likevel være ein risiko for at nokre kan kjenne igjen kven som har svart kva.
Derfor er det svært strenge reglar for visning av resultat frå undersøkinga til skolen, skoleeigar og statlige utdanningsstyresmakter. Resultat frå undersøkinga skal ikke publiserast på ein måte som gjer det muleg å kjenne igjen svara frå elevane.
Utdanningsdirektoratet har ansvaret for at svara i Elevundersøkinga blir lagra og brukt på riktig måte. Svara blir lagra så lenge det er nødvendig, og kan bli brukt til forskning og statistikk og kan lagrast i arkiv. Statistikk frå undersøkinga er tilgjengeleg på udir.no.
Info til føresette om elevundersøkinga (PDF, 42 kB)
Her finn du utfyllande informasjon om Elevundersøkinga og personvern på fleire språk.