Du lærer
- om produksjonsplanlegging og produksjonsprosessar
- om automatisering og programmering av robotar
- om maskiner og produksjonsutstyr
- om køyretøy og transport
- om kjemiske prosessar og kjemiteknikk
- om helse, miljø og tryggleik
Du bør
- ha anlegg for praktisk arbeid og ha godt handlag
- vere sjølvstendig og nøyaktig
- vere interessert i ny teknologi
Du kan bli
- aluminiumskonstruktør, sveisar eller platearbeidar
- verktøymakar eller finmekanikar
- faglaborant eller operatør i kjemisk prosessindustri
- industrisyar, operatør i trikotasje eller vaskerioperatør
- bilskadereparatør, bilmekanikar eller billakkerar
- logistikkoperatør eller yrkessjåfør
- anleggsmaskin-, landbruksmaskin- eller motormekanikar
- bore- eller brønnoperatør
- matros eller motormann
Sjå alle yrke og kompetansar
Arbeidsstader
- teknisk og elektromekanisk industri
- skipsindustrien eller bilindustrien
- kjemisk prosessindustri eller tekoindustrien
- bilbransjen eller oljebransjen
- vare- eller transportbedrifter
Vidare utdanning
Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller sveinebrev). Etter fullført yrkesfagleg opplæring kan du gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning:
- Du kan ta vidare utdanning på fagskole. Ei fagskoleutdanning er ei kort og yrkesretta vidareutdanning som er berekna på dei som har gått yrkesfag.
- Du kan ta meisterbrev dersom du har fag- eller sveinebrev i eit fag som ligg under meisterbrevordninga, og dersom du har nok praksiserfaring. Meisterutdanninga kvalifiserer deg til ei leiar- eller mellomleiarstilling på fagområdet ditt, og ho gjev deg kompetanse til at du kan starte di eiga bedrift.
- Du kan ta Vg3 påbygging til generell studiekompetanse
- etter Vg2 eller
- etter oppnådd yrkeskompetanse
Då har du moglegheit til å ta høgare utdanning ved høgskole eller universitet. Hugs at nokre studium, f.eks. ingeniør-, realfags- og medisinske studium, føreset at du har visse realfag. - Du kan også søkje opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er berekna på deg som har relevant yrkeskompetanse. Forkurs og Y-vegen er vanlegast innan realfags- og ingeniørstudium.