Studiespesialisering

Du vel fordjuping innan

Du kan òg velje eitt av dei to valfrie programfaga frå idrettsfag:

Glad i aktivitet og vil prøve ut fleire ulike idrettar? Breiddeidrett er faget for deg som vil ha trening, idrett og fysisk aktivitet på timeplanen. I løpet av skuleåret er vi innom mange aktivitetar, både individuelle idrettar og lagidrettar. Du vil få ein viss valfridom og vi vil heile tida prøve å tilpasse aktivitetane til elevgruppa. Av aktivitetane vi kan tilby kan vi nemne fotball, handball, friluftsliv, badminton, langrenn, randonnee, ishockey, buldring, turn og crossfit. Vi startar skuleåret med ein overnattingstur, og held fram med høgt tempo. Ein fin avveksling frå andre teorifag på studiespesialisering og eit fag som passar for alle.

Breiddeidrett er eit valfritt programfag på 5 timar og kan veljast både på VG1, VG2 og VG3. Ein får ein avsluttande karakter etter kvart skuleår.

Du kan hake av for om du ønskjer breiddeidrett når du søker i VIGO, men sjølve valet gjer du etter at du har starta på skolen.

Alle som vel breiddeidrett får plass.

Idrettsdag på Surnadal vgs

Spelar du dataspel og ønsker å utvikla deg? Vil du utøva interessa di i skuletida? Kanskje er toppidrett e-sport noko for deg! I toppidrett e-sport trenar vi på tekniske og taktiske evner knytte til eit knippe utvalde spel. Vi jobbar òg med dei viktige faktorane kosthald, kvile, restitusjon og basistrening. Vi har kompetente lærarar, nytt utstyr og kan lova eit triveleg miljø.

Toppidrett e-sport er eit valfritt programfag på 5 timar. Faget kan veljast både på VG1 og VG2. Til dags dato har vi ti plassar. Viss det blir rift om plassane vil dei bli fordelte mellom VG1 og VG2, og karakterar vil bli vektlagt.

Du kan hake av for om du ønskjer toppidrett e-sport når du søker i VIGO, men sjølve valet gjer du etter at du har starta på skolen.

E-sport

 

Du lærer 

Avhengig av fagvalga dine:

  • matematikk og andre realfag
  • leiing og økonomi
  • historie, politikk og sosiologi
  • språk
  • andre teoretiske fag

Du bør vere

  • interessert i å arbeide med teoretiske fag
  • samarbeidsvillig, strukturert og sjølvdisiplinert
  • interessert i å skrive eller rekne
  • interessert i kultur- og samfunnsforhold

Du oppnår

  • studiekompetanse og kan ta høgare utdanning

Dersom du tek høgare utdanning, kan du blant anna bli

  • sjukepleiar, lege eller veterinæringeniør 
  • ingeniør, jurist eller økonom
  • lærar, psykolog eller forskar
  • Du kan også utdanne deg til andre yrke – med generell studiekompetanse kan du søkje dei fleste studium ved høgskolar og universitet

Arbeidsstader kan vere

  • sjukehus, domstol, politistasjon eller kommuneadministrasjon
  • advokatkontor, konsulentselskap eller ingeniørbedrift
  • barnehagar, skolar eller universitet

Opptak til høgare utdanning 

Med generell studiekompetanse kan du søkje dei fleste studium ved høgskolar og universitet. Men nokre studium har spesielle opptakskrav:

  • Opptaksprøver: Mange studium innan kreative fag krev ei praktisk opptaksprøve.
  • Realfagskrav: Nokre studium krev at du har visse realfag. Eksempel på slike studium er ingeniør-, realfags- og medisinske studium. Du finn opptakskrava til høgskole- og universitetsstudium på samordnaopptak.no. Vel du studiespesialisering med realfag på Vg2 og Vg3, er det størst moglegheit til å få teke dei realfaga du treng.

Val av fag i utdanningsprogram for studiespesialisering

  • Tek du realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi, vel du to programfag på Vg2 som du må vidareføre på Vg3. Dette blir kalla fordjuping. Desse programfaga må vere frå programområdet ditt.
  • Du skal velje to programfag til, eitt på Vg2 og eitt på Vg3. Desse kan vere frå programområdet ditt eller frå eit anna programområde i studieførebuande utdanningsprogram (for eksempel realfag eller framandspråk). Du treng ikkje vidareføre valfrie programfag på neste trinn.
    • Hadde du ikkje framandspråk på ungdomstrinnet? Då må du ta framandspråk som fellesfag på Vg3 i staden for det siste programfaget på Vg3.
  • Det er spesielle reglar for val av fag dersom du vel matematikk R1/S1 som programfag på Vg2.
  • Det er opp til skolen din kva programfag ein tilbyr.
  • Har du spesielle framtidsdraumar? Då bør du sjekke opptakskrava til studia, før du velg fag.
  • Programfag i framandspråk og realfag gir tilleggspoeng ved opptak til høgare utdanning.

Sjå filmsnutt frå toppidretten på Surnadal vgs her: 

Snarvegar