Velkommen til eit nytt skoleår!

Måndag 22. august klokka 09:00 startar skoleåret 2022-2023 for alle elevar ved Surnadal vidaregåande skole. 

Skriv ut

Elevar på vg1 møter i kantina. Der vil kontaktlærarar og rektor møte dykk. Elevar på vg2 og v3 møter direkte på klasserommet. Nye elevar på vg2 og vg3 som er usikre på kor dei skal kan møte opp ved administasjonen, så hjelper vi dykk vidare. 

Vi startar opp med ordinær undervisning så raskt som mogleg, ta derfor med deg skrivesaker og sekk. Det blir full skoledag fram til klokka 14:35 for alle elevar.

Dersom du treng skoleskyss, må du hugse å gå inn og registrere deg på skoleskyss.mrfylke.no.

Vi gler oss til å ha deg som elev kommande skoleår. Velkommen!