Tilleggslån korona
Studentar og elevar over 18 år som har hatt nedgang i inntekt på grunn av koronasituasjonen, kan ha rett til eit tilleggslån.
Studentar og elevar som kan ha rett til lånet må:
- Kunne dokumentere inntektsnedgang i heile eller delar av perioden frå 16. juni 2020 til 15. juni 2021
- Motta lån og stipend frå Lånekassen våren 2021
- Ha fått lån og stipend frå Lånekassen i perioden dei hadde nedgang i inntekt
Her finn de meir informasjon om tilleggslån korona
Tilleggslån korona for studentar
Studentar som har motteke lån og stipend etter del 3 av forskrifta, kan få eit tilleggslån på 26 000 kroner. Av dette kan 10 400 kroner bli gjort om til stipend dersom studenten kan dokumentere inntektsnedgangen.
Dei som kan få tilleggslån korona etter del 3 av forskrifta, er for eksempel:
- Universitets- og høgskolestudentar
- Fagskolestudentar
- Elevar i vidaregåande skole utan ungdomsrett
- Elevar ved folkehøgskolar
Både fulltids- og deltidsstudentar kan søke om tilleggslånet.
Tilleggslån korona for elevar
Elevar i vidaregåande opplæring, som er 18 år eller eldre og som har motteke lån etter § 67 i forskrift om utdanningsstøtte, kan ha rett til tilleggslånet på 26 000 kroner. Av dette kan 10 400 kroner bli gjort om til stipend dersom eleven kan dokumentere inntektsnedgangen.
Slik søker elevane/studentane om tilleggslån korona:
Dei studentane/elevane det gjeld vil motta eit tilbod om tilleggslån korona på e-post frå Lånekassen, med ei lenke til Dine sider. E-postane blir sende ut puljevis frå og med 26. februar.
Søknadsfristen for tilleggslån korona er 30. juni 2021.
Følgande koronatiltak blir vidareført:
- Elevar og studentar som blir rekna som bortebuarar, men må bo heime hos foreldre/føresette på grunn av koronasituasjonen, kan framleis få bortebuarstipend. Dette gjeld for vårsemesteret 2021.
- Det blir gjort førebels fritak for inntektsgrensa ut året for studentar som jobbar i helse- og omsorgssektoren, politistudentar, og studentar som blir beordra til vernebuingsarbeid gjennom Heimevernet eller Sivilforsvaret.
- Ordninga med utvida rett til betalingsutsettingar gjeld også i vårsemesteret 2021