Tilkallingsvikarar
Surnadal vidaregåande skole søker etter tilkallingsvikarar som kan engasjerast til korte og lengre oppdrag innan ulike fagområder. Vi søker samtidig etter tilkallingsvikar som reinhaldar.
Skolen vår tilbyr utdanningsprogramma studiespesialisering, helse- og oppvekstfag, teknologi og industrifag, elektro og datateknologi og bygg- og anleggsteknikk.
Du bør ha, eller vere i gong med, relevant utdanning. Vi sett personleg egnethet høgt når vi engasjerer personale ved skolen. Du må vere omgjengeleg, sjølvstendig og ha gode samarbeidseigenskapar. Du må trivast saman med ungdom, men også vere ein trygg og tydeleg vaksen.
For å kunne vere vikar ved skolen, må du kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg. Den som skal vere vikar hos oss må kunne legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader.
Er dette noko for deg? Send oss ein e-post med informasjon om deg sjølv, gjerne med dokumentasjon på relevant utdanning og praksis. Ved behov tek vi kontakt med den som har rett kompetanse til aktuelt vikariat.
Skolen si e-postadresse er: surnadal.vgs@mrfylke.no
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål omkring utlysninga.
Kontaktinformasjon for dei ulike avdelingane:
Teknologi og industrifag, elektro og datateknologi og bygg- og anleggsteknikk:
Ole Bjørn Grytbakk, tlf 905 29 196
ole.bjorn.grytbakk@mrfylke.no
Helse- og oppvekstfag:
Kristin Holten, tlf 482 72 431
kristin.holten@mrfylke.no
Studiespesialisering og fellesfag:
Jens Nervik, tlf 975 69 155
jens.nervik@mrfylke.no
Reinhald:
Hilde Andersen, tlf 996 37 279
hilde.andersen@mrfylke.no
Vi ser fram til å høyre frå deg!