Surnadal kommune følger krigshendingane i Ukraina

Sannsynlegheita for at kommunen skal bli direkte påverka av krigen er per i dag låg, men ikkje null. Kommunen møter situasjonen med konkrete tiltak.

Skriv ut

Kommunen gjennomgår berørte delar av sin beredskapsplanlegging og forsyningssikkerheit. Per i dag vurderer vi sannsynlegheita for at kommunen skal bli direkte berørt av krigen som låg. Krigens utvikling og reaksjonane i andre europeiske land kan føre til at situasjonen endrar seg, og kommunen ønsker å vere førebudd på ulike scenario.

  • Medieoppslag vil påverke barn og unge. Frå tidlegare kriser kan vi hente fram råd, retningslinjer og erfaringar for å ta vare på barn og unge som kan komme til å oppleve hendingane som skremmande.
     
  • Det er sett fram atomtrussel som blir møtt med styrka nasjonal beredskap og overvaking. Realiteten bak trusselen er ukjent, men kommunen har planar for varsling, vern og behandling ved muleg atomsky over landsdelen. Apoteka har merka etterspørsel etter jodtablettar og kan forsikre om at grossistlagra er gode. Kommunen har eit beredskapslager klart for distribusjon viss det skulle bli behov.
     
  • Hendingane er ei påminning om tidlegare råd frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) til privatpersonar om å skaffe seg enkle lager av beredskapsartiklar.

Kommunen anbefaler nettsida www.sikkerhverdag.no der ein kan finne nyttig informasjon om eigenberedskap.

Kriseutvalet for atomberedskap anbefaler at alle kommunar har jodtabletter tilgjengelege for alle barn, unge under 18 år, gravide og ammande i kommunen sin. Jodtablettar blokkerer opptaket av radioaktivt jod i skjoldbruskkjertelen og reduserer risikoen for å få kreft i skjoldbruskkjertelen.

Surnadal vidaregåande skole har jodtablettar tilgjengeleg for alle i målgruppa.