Nye rutinar for å få fraværsattest
For å dokumentere fravær har Surnadal kommune no fått på plass nye rutinar for kva elevane skal gjere for å få fraværsattest.
Fraværsattest på Surnadal vidaregåande skole
- Kontakt helsesjukepleiar frå første fraværsdag, og dagleg så lenge fraværet gjeld. Dette må skje i skoletida.
- Helsesjukepleiar kontaktast på telefon 468 78 259. Helsesjukepleiar svarar tilbake så snart som mulig, med beskjed om at fraværet er registrert.
- Helsesjukepleiar skriv ein fraværsattest for fraværsdagene.
- Helsesjukepleiar kan skrive fravær for maks 3 dagar samanhengande. Etter dette må lege kontaktast.
- Fraværsattest kostar kr.180,- Beløpet vippsast til Surnadal helsestasjon på nr. 139419, ved henting av attest.
- Henting av fraværsattestar:
-Helsesjukepleiar på skolen torsdagar kl. 10.00-14.00
-Helsestasjonen på Skei mandagar og fredagar kl. 14.00-15.30
Elevar som er til lege, tannlege, på sjukehus e.l. må sjølv ordne med dokumentasjon på fraværet derfrå.
Alle spørsmål rundt fraværsattestane rettast til helsesjukepleiar.