Kjære foreldre/føresette til elev i vidaregåande skole
Velkomen som foreldre/føresette i den vidaregåande skolen! De er viktige for ungdommane også når dei er i vidaregåande opplæring, og vi ønskjer eit godt samarbeid.
Inviterer til foreldremøte
Skolane vil etter skolestart invitere til foreldremøte der de får informasjon om skolen. Vi håper at så mange som mogleg kan kome for å bli kjent med skolen. Skolane vel representantar frå føresette til skoleutvala.
Nytt system - VIS
Frå skoleåret 2021/22 tek skolane i bruk Visma Inschool (VIS), eit nytt system for fråvær, timeplan og vurdering med meir. Etter skolestart vil det kome meir informasjon om foreldrepålogging og rutinar frå skolen.
Trygt og godt skolemiljø
God dialog med føresette er viktig for at elevane skal lære, og ha eit godt og trygt skolemiljø. Skolane har mange ulike tiltak for at elevane skal ha det bra, og arbeider blant anna med trygge overgangar frå ungdomsskole til vidaregåande skole, tiltak for hybelbuarar, psykisk helse og førebygging av rusbruk. Meir informasjon vil de få frå skolen.
Dersom de opplever at eleven ikkje har det trygt og godt på skolen, ta kontakt med skolen så raskt som mogleg. Skolen har plikt til å følge med, gripe inn, og eventuelt sette inn tiltak. De kan kontakte nokon ved skolen, eller bruke meldeknappen på skolen sine nettsider. Skolen har retningslinjer for korleis dei skal handtere slike saker og har lokale innsatsteam mot mobbing. Sjå gjerne Utdanningsdirektoratet sin guide om temaet. Dersom eleven opplever at ein frå leiinga på skolen gjer at eleven ikkje har det trygt og godt, kan de varsle fylkeskommunen (skoleeigar). Det er også mogleg å kontakte Statsforvaltaren i skolemiljøsaker.
Elev- og lærlingombodet
Har de spørsmål, eller treng støtte i saker knytt til vidaregåande opplæring, så kan de også kontakte elev- og lærlingombodet direkte.
Foreldre og føresette er framleis viktige!
• Fortset å spørje om skolekvardagen og støtt opp om arbeidet til lærarane.
• Ta kontakt med kontaktlæraren dersom de har spørsmål eller viktig informasjon.
• Hjelp ungdommen din med å strukturere kvardagen slik at dei får nok søvn, har eit godt kosthald og får gode vanar med bruk av sosiale media osv.
• Følg med på heimesidene til skolane. Der finn de mellom anna kontaktinformasjon til kontaktlærarar, støtteapparat, om PC-ordninga og utstyrsstipend, og mykje meir.
Vi ser fram til eit godt samarbeid og ønskjer lykke til med ungdommen din i vidaregåande skole!
Venleg helsing Kariann D. Flovikholm
Kompetansesjef i Møre og Romsdal fylkeskommune