Jodtablettar ved atomulykker
Kriseutvalet for atomberedskap anbefaler at alle kommunar har jodtabletter tilgjengelege for alle barn, unge under 18 år, gravide og ammande i kommunen sin.
Ved ei atomulykke kan radioaktivt jod bli spreidd via lufta og bli tatt opp i skjoldbruskkjertelen når ein pustar inn forureina luft og/eller tar til seg forureina mat og drikke. Jodtablettar blokkerer opptaket av radioaktivt jod i skjoldbruskkjertelen og reduserer risikoen for å få kreft i skjoldbruskkjertelen. Det er spesielt viktig at barn og unge under 18 år, gravide og ammande tek tablettane fordi dei har størst risiko for å få kreft i skjoldbruskkjertelen etter å ha blitt utsette for radioaktivt jod. Det kan i heilt særskilde situasjonar også vere aktuelt med tablettar for vaksne mellom 18 og 40 år.
Kriseutvalet for atomberedskap anbefaler at alle kommunar har jodtabletter tilgjengelege for alle barn, unge under 18 år, gravide og ammande i kommunen sin. Jodtablettene bør gjerast tilgjengeleg der barn og unge oppheld seg, også på dagtid som t.d. i skular og barnehagar.
Surnadal vidaregåande skole sjølvsagt jodtablettar tilgjengeleg til alle i målgruppa.
Ved betennelse i skjoldbruskkjertelen eller forstyrringar i skjoldbruskkjertelfunksjonen, dermatitis herpetiformis (Duhrings sjukdom) eller kjend allergi mot jod eller innhaldsstoffa i jodtablettane skal ikkje eleven ha jodtablettar.
Foreldre/føresette til elevar under 16 år må gi samtykke til at skolen kan dele ut jodtablettar til eleven ved ei atomhending. Elevane det gjeld vil få utdelt samtykkeerklæring som ranselpost.