Hilde Andersen blir ny rektor
Hilde Andersen (44) har takka ja til stillinga som rektor ved Surnadal vidaregåande skole.
- Eg er letta, audmjuk og glad for å ha fått jobben, og ser fram til å samarbeide med engasjerte og kompetente kollegaer ved Surnadal vidaregåande skole. Eg gler meg til å bli kjent med dei tilsette og ikkje minst elevane ved skolen.
Andersen kjem frå stilling som skolefagleg rådgivar i Sunndal kommune og nestleiar og koordinator for Nettverk Nordmøre. Ho har tidlegare vore rektor, inspektør og lærar ved Sunndal ungdomsskole.
- For meg blir det viktig i starten å bli kjent med skolen og få oversikt over og innsyn i det gode arbeidet som eg veit blir gjort. Surnadal vgs er ein skole der elevane trivst, og dette skal vi fortsette å løfte fram. I tillegg blir det viktig for meg å bli betre kjent med lokalmiljøet og næringslivet spesielt. Vi skal halde fram med å utvikle skolen til ein viktig samfunnsaktør og med å utdanne til rett kompetanse som regionen treng. Å arbeide med dette saman som eit lag er viktig for meg, seier Andersen.
Hilde Andersen er i utgangspunktet lærarutdanna, og har mellom anna faga nordisk, geografi og IT i fagkretsen. Ho har også master i skoleleiing frå NTNU. Ho startar opp i stillinga i løpet av mars 2021.
Det skriv Møre og Romsdal fylkeskommune på sin nettside.