Gratis bind og tampongar

Surnadal vgs tilbyr gratis bind og tampongar til elevane. 

Skriv ut

 - Vi meiner bind og tampongar bør vere gratis og lett tilgjengeleg for elevane, og skolen har derfor gått til innkjøp av ein sjølbetjeningsautomat i jentegarderoben, seier rektor Hilde Andersen.   

Respons Analyse gjennomførte nyleg ein undersøking på vegne av Kiwi. I undersøkinga kjem det fram at 77 prosent av jenter under 25 år har opplevd ubehagelege situasjonar på grunn av manglande tilgang til bind og tampongar under menstruasjon.  

 - Det er viktig for oss at elevane har det trygt og godt på skolen, og at ingen skal oppleve ubehagelege situasjonar. Eg er sikker på at elevane vil sette stor pris på automaten, og vi er stolte over at vi har fått på plass tilbodet, seier Andersen.