Raudt nivå

Regjeringa har innført raudt nivå på alle vidaregåande skolar frå 4. januar til og med tysdag 19. januar. 

Skriv ut

I samband med at regjeringa har pålagd alle vidaregåane skolar raudt nivå, gjeld følgjande frå måndag 4. januar:

1. Ingen sjuke skal møte på skolen.

2. Tilsette skal så langt som råd arbeide frå heimekontor, med unntak av undervisning som er fysisk på skolen.

3. Ved ein eventuell karanteneperiode, skal elevane ta del i undervisning frå heimen så langt helsa gir rom for det.

4. Ved raudt nivå blir fellesareal som personalrom, bibliotek, kantine og idrettshall avstengt for bruk og opphald. Det blir sal av mat og drikke innanfor retningslinjene for kantindedrift.

5. Skoleskyss. Eigen veiledar som gjeld skoleskyss blir fulgt.

6. Skolen blir delt inn i soner for programområda med definerte eigne inngangar. Elevane skal ikkje ha opphald i andre enn eiga sone. (Eige oppsett på dette blir utsendt.)

7. Reinhald blir fulgt som i veiledaren for raudt nivå.

8. Elevane skal vaske hendene når dei kjem på skolen og mellom ulike økter. Elevane skal og vaske hendene før dei dreg heim. Dei vasker over pulten sin etter økta. Utstyr til dette blir satt fram i gangen.

9. Elevane skal ikkje dele på skoleutstyr som pc, bøker, verktøy og anna.

10. Elevane skal kun ha tilhald på oppsatte faste klasserom. Friminutt kan og takast ute.

11. Ved delvis nedstengt skole får elevane tilbod om ei veke på skolen og ei veke med undervisning heime. Det blir utarbeida eiga plan for undervisning og oppmøte.

Elevar med særskilde behov får prioritert tilbod på skolen.

Raudt nivå gjeld i første omgang fram t.o.m tysdag 19. januar. 

Informasjon om oppmøte:

VEKE 1: Denne veka møter dei elevane som allereie er på skolen. I tillegg blir det ordinær skole for 1TP1, torsdag 7. og fredag 8. januar.Særskildelevar får eige opplegg og dei blir varsla direkte av kontaktlærar.

VEKE 2: Desse klassane møter til vanleg undervisning på skolen i veke 2:1BA1, 1EL1, 1HO1, 1ST1, 1TP1 og 3PB1.

Nokre få elevar får og tilbod om å ta del i den digitale undervisninga, med tilhald på skolen.

Særskildelevar får eige opplegg og dei blir varsla direkte av kontaktlærar.

Elevar som er busett i nabokommunane og bur på hybel i Surnadal, kan møte på skolen. Dette er avklart med kommuneoverlegen. Dette gjeld elevar frå følgjande kommunar; Rindal, Heim, Sunndal og Tingvoll. Hybelbuarar frå øvrige kommunar kan inntil vidare ikkje møte på skolen.