Privatisteksamen hausten 2021

Portalen er open for oppmelding i perioden 01.09.21 - 15.09.21. Det er ni vidaregåande skolar i Møre og Romsdal som gjennomfører eksamen for privatistar.

Skriv ut

Manglar du fag for å få vitnemål, treng du studiekompetanse eller ønsker du å forbetre karakterar frå vidaregåande? Kanskje du skal du ta fagbrev som praksiskandidat? Då kan du ta eksamen som privatist. Det vil seie at du på eiga hand set deg inn i fagstoffet og går opp til eksamen for å dokumentere kompetansen din. Som privatist får du ikkje standpunktkarakter i faget.

Du kan ikkje melde deg opp som privatist og samtidig vere elev i same fag.

Les meir om reglane og rutinane for privatisteksamen hos Utdanningsdirektoratet

Privatisteksamen blir halde på ni vidaregåande skolar i Møre og Romsdal.

Frå og med hausten 2021 skjer oppmeldinga i Visma in school (ViS)

Vi gjer merksam på at fylkeskommunen, i etterkant av oppmeldinga, kan endre eksamensskole for privatisten.
Surnadal vgs er ikkje privatistskole.

Eksamensavgift: 

kr 1186,- per eksamen for

• fag du ikkje har standpunkt og/eller eksamenskarakter i

• fag du ikkje har bestått (karakter 1) som elev eller privatist

kr 2373,- per eksamen for

• fag du alt har bestått som elev eller privatist

Datoar for eksamen:

Sentralt gitt eksamen 

Lokalt gitt eksamen 

Datoar for munnleg og praktisk eksamen blir ikkje fastsatt før fristen for påmelding er ute. Du vil få brev frå eksamensskolen om tid og stad for eksamen etter at du har meldt deg opp og i god tid før eksamen.

For meir informasjon og oppmelding, sjå https://privatist.inschool.visma.no/