Korona, påskeferie og åpningstider

Her kjem ei Korona-statusmelding på tampen før påskeferien.

Skriv ut

Skulen er framleis på gult nivå, og slik det ser ut no vil dette og gjelda etter påske. Gult nivå betyr ordinær undervisning og oppmøte som normalt for alle første skuledag etter ferien, tysdag 6. april.

Dersom smittesituasjonen endrar seg til raudt nivå i løpet av påska, vil vi senda ut oppdatert informasjon om dette. 

Riktig god, smittefri påske til alle saman! Vask hender, hald avstand og ha det triveleg i lag.

Helsing frå rektor Hilde Andersen

PÅSKESTENGT KONTOR 

Kontoret på Surnadal vgs er stengt frå måndag 29. mars - tysdag 6. april.

Måndag og tysdag i veke 13 kan vi treffast på telefon 71 28 44 00 mellom kl 08.00 - 15.30. Vår e-post er surnadal.vgs@mrfylke.no.

Resten av påska vil vi sjekke e-posten vår sporadisk.

Vi ønskjer elevar, tilsette, føresette og samarbeidspartnarar ei riktig god påske!