Informasjonsmøte 10. trinn

Onsdag 3. november har vi gleda av å invitere elevar og foreldre/føresette på 10. trinn ved Surnadal barne- og ungdomsskule, Rindal skole og Halsa barne- og ungdomsskole til informasjonsmøte. 

Skriv ut

Vi vil gje informasjon om dei ulike utdanningsprogramma på skolen, og svare på aktuelle spørsmål om vidaregåande skole eller anna utdanning. 

Skolen har fem utdanningsprogram, som vil ha kvar sin informasjonspost spreidd over heile skolen. Vi ønskjer at alle er innom alle postane, og vil derfor dele dykk inn i grupper som vil rullere mellom dei ulike postane. Kvar gruppe er på sin post i 15 - 20 minutt. 

Tidspunkt:
Kl 17.30 - 19:15: For dei av dykk som høyrer til Surnadal barne- og ungdomsskule
Kl 19.30 - 21:15: For dei av dykk som høyrer til Rindal skole og Halsa barne- og ungdomsskole.

Oppmøte i kantina for inndeling av grupper.

Velkommen!