Informasjon om vaksinering av 16 og 17-åringar

Torsdag 9. september tilbyr Surnadal kommune Pfizer-vaksine til alle elevar født i 2004 og 2005. 

Skriv ut

Dette gjeld alle elevar med bustadadresse i Surnadal og/eller som er elev ved Surnadal vidaregåande skole. Alle skal ha fått sms med link til timebestilling. 

Vaksineringa foregår mellom kl. 9.00 -13.00 på Surnadal kulturhus. Det blir ikkje organisert skyss frå skolen. 

Ta med eigenerklæringsskjema og samtykkeskjema
Alle som ikkje har fylt 16 år innan vaksineringsdagen må ha med eige utfylt samtykkeskjema frå føresette. Ved delt omsorg må dette signerast av begge føresette. Alle over 16 år bestemmer sjølv. Alle skal ha med ferdig utfylt eigenerklæringsskjema på vaksinasjonsdagen. Sjå lenker under. Skulen har delt ut aktuelle skjema til elevane. 

Elevar ved Surnadal VGS kan ta kontakt med helsesjukepleiar eller skulen for spørsmål. Øvrige bes ta kontakt med kommunen på epost vaksine@surnadal.kommune.no eller vaksinetelefon 913 79 001. Har du medisinske spørsmål, kontaktar du fastlegen.

Hugs å ta på munnbind før du går inn på Surnadal kulturhus på vaksinasjonsdagen. Bruk hovudinngangen. 

Foto: Surnadal kommune