Informasjon om koronatiltak i skolen

I samband med skolestarten hausten 2021 kan skolen følgje grønt nivå i trafikklysmodellen. 

Skriv ut

Det er viktig at barn og unge får vere mest mogleg på skolen. Skoler kan følgje grønt nivå i trafikklysmodellen, med mindre lokale helsemyndar vedtar at det skal vera gult tiltaksnivå. 

På grønt nivå kan skolekvardagen gjennomførast tilnærma normalt, og det er ikkje behov for organisering i kohortar. Det vil framleis vere nokre smitteverntiltak:

  • Ingen sjuke skal møte på skolen, sjølv med milde symptom.
  • Det er viktig å halde avstand der det er mogleg.
  • Normalt renhold og god handhygiene.
  • Skoler må ha beredskapsplanar for å skifte til gult og raudt nivå. 

Testing kan erstatte karantene for elevar

Frå 16. august 2021 kan testing erstatte smittekarantene. Dette gjeld for personar under 18 år og for elevar over 18 år på vidaregåande skole.

Viss ein person får påvist korona, kan elevar som er nærkontaktar testa seg i staden for å gå i karantene. Personar som den smitta bor saman med, eller andre tilsvarande nære kontaktar, må framleis gå i karantene.

Fråværsføring og fråværsgrensa

Unntak frå fråværsreglane blir forlengte ut september. Elevar som har fråvær av helsegrunner, skal sleppe å gå til fastlegen for å få dokumentert fråværet. Unntaket frå regelverket gjeld ut september 2021. Elevar under 18 år må likevel leggje fram stadfesting frå ein forelder, medan myndige elevar kan leggje fram eigenmelding.

Fråvær av helsegrunnar omfattar alt helserelatert fråvær, mellom anna sjukdom og skade, karantene eller isolasjon og dessutan milde luftvegssymptom og sjukdomskjensle. 

Dersom eleven legg fram stadfesting frå ein forelder eller egenmelding, skal fråværet:

  • ikkje blir ført som fråvær på vitnemålet til elevane og kompetansebevis i grunnskulen og vidaregåande skole
  • unntas fråværsgrensa