Gjeninnfører fråværsreglane frå måndag 11. oktober

Regjeringa opphevar unntaket i fråværsregelen i vidaregåande skole frå måndag 11. oktober.

Skriv ut

Det betyr at elevane ikkje lenger kan bruke eigenmelding eller stadfesting frå føresette ved fråvær av helsegrunner. Elevar må ha legeerklæring for å få godkjent sjukdomsfråvær.

Ved sjukdom skal skolen ved kontaktlærar ha melding i løpet av første fråværsdag. Fråvær utan dokumentasjon kan føre til nedsatt karakter i orden eller åtferd.

Har eleven meir enn 10% udokumentert fråvær i eit fag, vil han eller ho som hovudregel ikkje ha rett til å få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i faget.

Du skal framleis teste deg viss du får symptomer på luftvegsinfeksjon. Er testen negativ og allmenntilstanden god, kan du gå på skolen.

Du finn heile fråværsreglementet i linken under.