Avlyser valdebattar

Fylkeskommunedirektøren har vedtatt at valdebattar i samband med årets skuleval ikkje skal gjennomførast.

Skriv ut

Det blir alternativ gjennomføring med paneldebatt med avgrensa publikum frå tre skular (Molde, Fagerlia/Ålesund og Kristiansund/Atlanten), med streaming til dei andre skulane.

Det vil heller ikkje blir arrangert valtorg. 

Årsaka er den sterkt aukande smitten blant barn og unge. Det er registrert smitte ved 5 vidaregåande skular i Møre og Romsdal, og vi ser store smitteutbrudd på videregåande skular i andre delar av landet. 

Surnadal vgs vil bli med på skuledebatten via streaming frå Kristiansund 7. september.