Rett til meir opplæring

Dersom du har gjennomført vidaregåande opplæring, men fått karakter 1 eller IV (Ikkje vurdert) i eitt eller fleire fag, kan du ha rett til å få meir opplæring i faget. 

Er du elev ved ein vidaregåande skole, kan du søke om meir opplæring på den skolen du går på innan 1. juli. 

For deg som ikkje er elev i dag, og er under 19 år. Ta kontakt med den skolen du sist var elev. 

Søkarar som er over 19 år, kan velje om dei vil ta meiropplæring som elev, eller ta vidaregåande opplæring som vaksen. Sjå meir om vidaregåande opplæring for vaksne.