Motorisert ferdsel og parkering
Tillegg til ordensreglementet for elevane ved Surnadal vidaregåande skole: Motorisert ferdsel og parkering på skoleområdet i skoletida
- Definisjonar: Skoleområdet omfattar heile Øyeområdet der Øye skule, Surnadal ungdomskule, Surnadal vidaregaånde skole, Øye barnehage og Surnadal idrettshall er lokalisert, inkludert vegen frå Fv. 65 til Surnadal idrettshall og alle parkeringsplassane knytt til denne med unntak av parkeringsplassen sør for Øye kyrkje. Skoletid er for elevar ved Surnadal vidaregåande skole for tida frå elevane kjem på skolen noko før kl. 08 til elevane har forlate skoleområdet ca. kl. 14.45. For elevar som har undervisning på skolen / i idrettshallen til andre tider enn dette, er og denne tida å sjå på som skoletid.
- Unødvendig køyring med motorisert kjøretøy er ikkje tillatt på skoleområdet i skoletida.
- Mopedar og motorsyklar skal parkerast på tilvist / skilta plass.
- Parkering av bilar og andre motoriserte køyretøy er ikkje tillatt på skoleomårdte i skoletida. Parkeringsplassen sør for Øye kyrkje kan nyttast.
- Dette reglementet er ein del av ordensreglementet ved Surnadal vidaregåande skole.
Brot på reglementet vil bli handsama i tråd med bestemmelsane om sanksjonar i Forskrift om ordensreglement for dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune, §8 og §9