Biblioteket ved Surnadal VGS

Skolebiblioteket er det første ein ser når ein kjem inn hovudinngangen. Biblioteket er opent kl 08.05 – 15.30 måndag – fredag.

Skolen har ikkje skolebibliotekar, så konsulentane i respesjonen har fått ansvaret for biblioteket. I biblioteket er det arbeidsplassar og datamaskinar, skrivar og kopieringsmaskin. Lesesalen ligg vegg i vegg.

Bokstammen er i underkant av 5000 objekt. Alle bøkene er registrert i biblioteksystemet Bibliofil.  Kvar elev som blir registrert som lånar, får bibliotekkort i plast som kan nyttas i alle bibliotek i Norge. Om du allerede har eit slikt felles nasjonalt lånekort,så kan du sjølvsagt nytte det i skolebiblioteket. Vi ser helst at du nyttar utlånsautomaten når du skal låne bøker/filmar.

Vi håpar at riktig mange blir faste brukarar av skolebiblioteket både som lånarar, lekselesarar og gruppearbeidarar.

Søk i biblioteket

Skolebibliotekets utlånsreglar   
Alt du låner på skolebiblioteket, også lærebøkene, er skolen sin eigendom.  Det du låner skal innleverast til avtalt tid og i god stand. Det betyr at du ikkje skal skrive, streke under eller bruke markørtusj i bøkene. Bøkene skal ikkje mangle sider, ha vatnskade, vere tilgrisa eller på annan måte ha meir enn normal slitasje. 

Lærebøker: For å hindre forbytting og unødig slitasje bør lærebøkene få på bokbind, og dei skal merkast med namnet ditt i permen av boka. Du er sjølv ansvarleg for alt som blir lånt på lånekortet ditt. Dersom det du har lånt går tapt eller blir øydelagt, må det erstattas. Dersom materiellet framleis ikkje blir levert, eller rekninga ikkje blir betalt, vil inkassokrav bli vurdert.                

Når du oppheld deg i biblioteket ber vi om at du følgjer desse reglane:

- Det er forbode med mat og drikke i biblioteket.
- Stolane skal setjast på plass etter bruk.
- PCane i biblioteket skal ikkje brukast til spel.
- Slå av lyden av PC, musikkavspelar o.l.
- Rydd på plass spel etter bruk. Kortstokkar skal leverast på kontoret.
- Snakk med låg stemme.

NB! Brot på skolereglementet fører til orden og/eller åtferdsmerknad.