Som elev i vgs kan du ha rett til gratis transport til og frå skolen. Du søker sjølv om skyss gjennom skoleskyssportalen.
Søk om skoleskyss når du takkar ja til skoleplass. Du må søke om skoleskyss kvart år.
Du har rett på fri skoleskyss dersom
*Avstanden er rekna ut frå Møre og Romsdal fylkeskommune sine kartdata, og kortaste farande veg frå eleven si heimeadresse til eleven sin skole
Elevar med varig eller kortvarig funksjonshemming, skade eller sjukdom som gir behov for skoleskyss har rett til skyss uavhengig av avstand. Fylkeskommuen gjer vedtak i slike saker etter at vi har motteke tilråding frå sakkunnig og informasjon frå skolen. Det er viktig at sakkunnig brukar skjema utarbeidd av fylkeskommunen.
Skolane sender erklæring frå sakkunnig saman med skjema for skyssinformasjon vidare til fylkeskommunen. Vi behandlar søknadar så raskt som råd og iverkset skyss, etter at vi har motteke nødvendige opplysningar.
Opplæringslova gjev ikkje skyssrett dersom eleven har tilbod om leksehjelp, eller mottek eit avlastningstilbod før og etter skoletid.
Søknad om tilrettelagt skyss må du sende via skolen.
Elever som har delt bosted vil være folkeregistret på én adresse selv om de deler tiden mellom to hjem. Formålet med skyssreglene og hensynet til barna det gjelder, tilsier at det avgjørende må være at barnet faktisk bor to steder. For å ha rett til gratis skoleskyss, må elevens opphold hos hver av foreldrene være en rimelig fast, planlagt og regelmessig ordning, og ikke improviserte enkeltbesøk. (Sitat frå Udir-2-2019)
Du må levere skjemaet «Stadfesting av delt bustad» når du søker om skoleskyss
Du skal bruke kortet alle åra du går på skole og har rett til fri skoleskyss. For at kortet skal virke som det skal, er det viktig at du ikkje:
Dersom skoleskysskortet blir øydelagt, du mistar det, eller det har teknisk feil, må du ta kontakt med skolen.
Misbruk av kortet eller sniking på bussen / båten kan medføre gebyr. Kontrollar blir gjennomført.
Du får vere med om morgonen, sjølv om du har gløymd skoleskysskortet. Du må sjølv ta kontakt med skolen for å få eit midlertidig kort til heimreisa. Utan kort må du betale for heimreisa sjølv.
Skoleskyssportalen blir brukt av:
Skoleskyssportalen er integrert med folkeregisteret og vil hente riktig adresse ut i frå eleven sitt personnummer og etternamn.
Har du spørsmål? Ta kontakt med skolen din eller send e-post til framskoleskyss@mrfylke.no
Sensitive personopplysningar bør ikkje sendast i e-post.