Koronatiltak

Tiltak i samband med koronasituasjonen. Revidert i AMU 14.9.20.

Gult nivå

1. Det vil være spritdispensar ved alle inngangar til skolen.

2. Dagleg reinhald vil utførast i samsvar med veiledar for reinhald.

3. Pultar og stolryggar skal vaskast ved bytte av elevar/gruppe. Læraren sprayer med såpevatn og eleven vaskar sjølv pult og stol.

4. Kantina blir åpna for opphald for elevane heile skoledagen. Kantina blir delt inn i trinnvise soner. Elevane må halde seg i si sone. Det blir sal av mat og drikke innanfor retningslinjene for kantindedrift.

5. Elevane kan fortsatt ete maten sin på sitt eige klasserommet i matfriminuttet. (Ordning for inspeksjon)

6. Klasseromma må vere opplåst frå morgonen av og må vere åpent heile dagen.

7. Merking og påminning kva gjeld avstand mellom personar ved kantina og ved sentralbordet.

8. Kontaktlærarane informerer klassen sin om koronatiltaka ved skolen.

9. Infoark om koronasituasjonen blir hengt opp i kvart klasserom.

10. I skolen si åpningstid skal kun personar knytt til undervisninga eller drift av skolen vere på skolen. Dette gjeld ut februar 2021. 

11. Klasserom eller anna skolelokale blir ikkje lånt eller leigd ut til eksterne aktørar ut februar 2021.

12. Ved beredskapsnivå gult, blir det hyppigare møte i AMU enn i den vanlege møteplana.

13. Veiledaren for gult nivå er det som gjeld for dei vidaregåande skolane.

Raudt nivå

1. Ingen sjuke skal møte på skolen.

2. Tilsette skal så langt som råd arbeide frå heimekontor, med unntak av undervisning som er fysisk på skolen.

3. Ved ein eventuell karanteneperiode, skal elevane ta del i undervisning frå heimen så langt helsa gir rom for det.

4. Ved raudt nivå blir fellesareal som personalrom, bibliotek, kantine og idrettshall avstengt for bruk og opphald. Det blir sal av mat og drikke innanfor retningslinjene for kantindedrift.

5. Skoleskyss. Eigen veiledar som gjeld skoleskyss blir fulgt.

6. Skolen blir delt inn i soner for programområda med definerte eigne inngangar. Elevane skal ikkje ha opphald i andre enn eiga sone. (Eige oppsett på dette blir utsendt.)

7. Reinhald blir fulgt som i veiledaren for raudt nivå.

8. Elevane skal vaske henda når dei kjem på skolen og mellom ulike økter. Elevane skal og vaske henda før dei dreg heim. Dei vasker over pulten sin etter økta. Utstyr til dette blir satt fram i gangen.

9. Elevane skal ikkje dele på skoleutstyr som pc, bøker, verktøy og anna.

10. Elevane skal kun ha tilhald på oppsatte faste klasserom. Friminutt kan og takast ute.

11. Ved delvis nedstengt skole får elevane tilbod om ei veke på skolen og ei veke med undervisning heime. Det blir utarbeida eiga plan for undervisning og oppmøte.

Elevar med særskilde behov får prioritert tilbod på skolen.

12. Ved beredskapsnivå raudt, blir det hyppigare møte i AMU enn i den vanlege møteplana.

Nedstengt skole

Ved heilt nedstengt skole skal ikkje tilsette og elevar møte på skolen.

Ved heilt nedstengt skole skal alle elevane ha tilbod om digital undervisning heime.

 

bilde av virus og kvinne med munnbind