Lærling, lærekandidat og praksisbrevkandidat

Når du vel yrkesfag er det vanleg at du går dei to første åra på skole, før du har opplæring i bedrift. Du kan gå frå å være elev til å bli lærling, lærekandidat eller praksisbrevkandidat.

Lærling

Å vere lærling betyr at du utdannar deg til eit yrke ved å jobbe i ei bedrift. Ein lærling har fullført teoretisk opplæring i vidaregåande skole og inngår lærekontrakt med ei bedrift. Det vanlege er to år på skole og to år i bedrift. I bedrifta får du både opplæring og praksis i eit fag. Etter desse to åra går du opp til fag- eller sveineprøve.  

Vaksen lærling

Du kan også vere lærling som vaksen. Du må ha bestått fellesfaga og ein teorieksamen før du går opp til fagprøva.

Lærekandidat

Det er mogleg å gå i lære som lærekandidat. Lærekandidaten får ein opplæringskontrakt og tilrettelagt opplæring i bedrift. Målet med læretida er å nå delar av læreplanmåla for faget, og kunne meistre arbeidsoppgåver i ei bedrift der målet ikkje er fag-/sveinebrev. Ein lærekandidat kan seinare gå opp til fullverdig fag- eller sveineprøve gjennom praksiskandidatordninga. Det er også mogleg å endre kontrakten undervegs, dersom lærekandidaten kan kvalifisere seg til fagprøva. Då gjeld krava om beståtte fag og eksamenar, og fullføring av alle læreplanmål.  

Søk om omgjering av kontraktstype (PDF, 162 kB)

Praksisbrevkandidat

Praksisbrevordninga er ei strukturert og gruppebasert ordning. Opplæringa er basert på eit utval av kompetansemål frå dei ordinære læreplanane. Praksisbrevet er basert på ei felles lokal opplæringsplan og standardisert dokumentasjon.