Digitale tenester og læremiddel

 

SkoleArena er karakter- og fråværssystemet til elevar og lærarar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

 Her fører alle lærarar fråveret ditt og karaktarane dine, og du kan sjølv melde fråver og sjekke at alt er rett ført.

Vi  anbefaler at du sjekker kvar gong du har vore borte frå skolen, slik at dette blir rett. Alle merknader i orden og oppførsel blir også ført her. Foreldre/føresette har eiga pålogging.

Office 365 får du dekt av skolen ved skolestart. 

  1. Opne nettlesaren din og gå til: portal.office.com
  2. Logg inn med «ditt FEIDE -brukernamn» @o365.mrvgs.no og FEIDE -passord
  3. Dersom du ikkje har valt tidssone,  du gjere dette før du går vidare. Vel (UTC+01.00) Amsterdam, Berlin, Bern, Roma, Stockholm, Wien
  4. Deretter vel du knappen «Installer Office Apper»
  5. I nedtrekkslista som dukkar opp, velger du «Office 2016». No startar nedlastinga.
  6. Etter nedlastinga er ferdig, vel du å køyre fila som blir lasta ned og du vil no få rettleiing av installasjonsprogrammet.
  7. Etter installasjon er det viktig at du startar eit av Office programma (f.eks Word) og loggar deg inn med same metode som beskrive i punkt 2 i denne bruksanvisninga. Vindauget for å logge seg inn finn du alltid øvst til høgre i Office-programma.

Vanlege spørsmål

Eg får ikkje logga inn? 

Sjekk at du har følgt punkt 1 og 2 riktig.  Dersom feilen framleis held fram må du bytte passord på https://brukerid.mrfylke.no.

Eg får melding om at produktet ikkje er lisensiert.  

Sjekk at du har gjennomført punkt 6 riktig. Du kan berre bruka metoden beskrive i punkt 1 og 2 for å aktivere Office-skrivebordsprogrammet med lisensen frå skolen.

Om det framleis ikkje verkar, må du be kontaktlærar om å sende epost til support@mrfylke.no for at vi skal kunne gripe fatt i saka på ein fornuftig måte.

One Drive: 

OneDrive er ein gratis skyløysning frå Microsoft.

Løysninga tilbyr skylagring av dokumenter, bilder og andre filer.

Nokon fordeler med å bruka OneDrive:

  • Tilgjengelighet (du vil nå filene frå kor som helst, og med alle einingar som blir kobla til internett og har ein nettlesar.)
  • Sikker lagring i forhold til fysiske einingar som kan bli utsett for feil, tjuveri og andre skader.
  • Enkel fildeling som gir stor moglegheit for samarbeid lærar-elev og elev-elev.

Instruks for å installere dette (PC og MAC) finn du på høgresida som eit PDF dokument

Alle elevar i Møre og Romsdal fylkeskommune får tilgang på Microsoft Office 365, og det er i den pakken at Microsoft OneDrive er tilgjengeleg.

Itslearning er læringsplattforma (LMS) til Møre og Romsdal fylkeskommune. Ein LMS er både eit administrativt system for skolen og eit elektronisk læringssystem der lærarar og elevar kan organisere faga i ulike rom og mapper. I itslearning kan elevar og lærarar kommunisere med hjelp av chat, epost og forum

På Nasjonal digital læringsarena (NDLA) finn du gratis digitale læringsressursar i mange fag. NDLA tilbyr også fleire andre ressursar, for eksempel opplæring i korleis du lagar blogg, video, tankekart m.m.

Microsoft Teams er eit verktøy for enkel kommunikasjon og samhandling på tvers av elevar og lærarar. 

Du kan lese meir om Teams her

 

 

Presens er eit program som overvåker om du er på rett nettverk. Det er obligatorisk ved gjennomføring av prøvar og eksamen, og skal lastast ned på PCen din ved skolestart. 

Her er ei veiledning for nedlastning: 

 

Du er sjølv ansvarleg for å lagre data som du treng i skolearbeidet ditt på ein trygg måte, og for at desse dataene er tilgjengelege når du treng dei.

Du kan lagre på desse måtane:

LagringsmediumFordelUlempe
HarddiskKan lagre mykje data, men må ha backup av viktige filerEr bunden til ei maskin
InternettKan lagrast som epost-vedlegg eller på Office 365 eller G-suite der de allereie har tilgang.Må har tilgang til internett
Ekstern harddiskDu kan kople desse til maskina via USB-inngang.  
Minnepenne (USB)Rimeleg og mobilEr ein sikkerhetsrisiko når den blir brukt mellom fleire ulike pc-ar.
OneDrive1 TB lagring på nett. Data kan synkroniseres mot lokal maskin. 
Google DriveIngen begrensning. Data kan synkroniseres mot lokal maskin. 

 

Ein katalog pr fag

Når du brukar datamaskina di til skolearbeid, er det viktig at du har eit system som gjer det lett å finne dokument og datafiler. Dette kan vere arbeidsteikningar eller ulike prosjekt/arbeid i faga dine.

På dei aller fleste datamaskinar er det ei mappe som heiter Dokumenter. Her bør du lagre alt skolearbeid. Lag mapper for kvart fag. Gi mappene dine namn slik at du lett ser kva som er i dei, f.eks ”Norsk” eller ”Naturfag”.

Samskrivingsprogram

Det finst også ei rekke program på internett til tekstbehandling, rekneark, etc. Desse har også den eigenskapen at du kan dele dei med andre, slik at fleire kan skrive på samme dokument eller rekneark samtidig. Men ver merksam på vilkåra for bruken i slike program og ta vare på personvernet ditt. I Møre og Romsdal fylkeskommune har vi tilgang på samskrivingsprogram frå Microsoft (Office 365) og Google (Google G-suite).

Eksempel på gratis samskrivingsprogram:

Gratis samskrivingsprogramPresentasjonsprogram

Google Docs

SlideRocket

MS Powerpoint/
Powerpoint Online

Google Sheets

Nettet på skolane skal brukast til læring i fag.

Gode råd:

  • Unngå streaming av video og lyd og store nedlastingar som ikkje er relatert til undervisninga.
  • Gå aldri frå maskina di utan tilsyn.
  • Lås datamaskina di inn i skap i klasserommet ditt når du ikkje passar på den sjølv.
  • Snakk med dei føresette om forsikring av utstyret ditt. Ved tjuveri er det di eiga forsikring som skal dekke tapet.
  • Pass godt på brukarnamnet og passordet ditt. Bruk trygge passord (Vi anbefalar minst 8 tegn + store og små bokstavar og tal.)
  • Du kan bli ansvarleg for det andre gjer om dei får tilgang til brukaridentiteten din. 

Sjå også IKT-reglementet som er ein del av ordensreglementet for elevar i Møre og Romsdal fylkeskommune.