Du kan også velje eit av dei to valfrie programfaga frå idrettsfag:
Breiddeidrett
Glad i aktivitet og vil prøve ut fleire ulike idrettar? Breiddeidrett er faget for deg som vil ha trening, idrett og fysisk aktivitet på timeplanen. I løpet av skuleåret er vi innom mange aktivitetar, både individuelle idrettar og lagidrettar. Du vil få ein viss valfridom og vi vil heile tida prøve å tilpasse aktivitetane til elevgruppa. Av aktivitetane vi kan tilby kan vi nemne fotball, handball, friluftsliv, badminton, langrenn, randonnee, ishockey, buldring, turn og crossfit. Vi startar skuleåret med ein overnattingstur, og held fram med høgt tempo. Ein fin avveksling frå andre teorifag på studiespesialisering og eit fag som passar for alle.
Breiddeidrett er eit valfritt programfag på 5 timar og kan veljast både på VG1, VG2 og VG3. Ein får ein avsluttande karakter etter kvart skuleår.
Alle som vel breiddeidrett får plass.