- Skoleutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolen.
- Skoleutvalet skal planlegge, gjennomføre og vurdere verksemda til skolen, mellom anna arbeidet med skolemiljøet, kvalitetsutvikling i opplæringa og fastsetjing av skolereglar.
- Det skal vere minimum 3 møter i utvalet per år, men elevane kan be om fleire møter.
- Rektor har rett til å møte, tale og kome med framlegg.
Samansetting skoleåret 25-26
3-4 elevrepresentantar frå elevrådsstyret (deltaking på møta kan variere):
Joel Sveberg – 3AU (leiar), Milla S. Aasen – 3ST (nestleiar), Mayla Nilssen Nordlund 1HO (referent), øvrige styremedlemmar: Stine Kvendset 2HE, Oliver Kooyman Van 1TP, Vegard Lindvåg Bolme 2IN, Haakon Sundli Segtnan 1ST,
2 føresette, ein frå vg1-nivå og ein frå vg2-nivå (1 år):
Møyfrid Torvik Røkkum (vg1), Kristin Børset (vg2)
1-2 representantar frå det lokale samfunns- og næringsliv (vald for 2 år, begge inne i sitt siste år):
Robin Tellesbø - fabrikksjef Pipelife/næringslivet (vara frå organisasjonen), Mons Otnes - Kommunedirektør Rindal (vara frå organisasjonen). Hugo Pedersen - ordfører Surnadal (vara frå organisasjonen)
1 representant for dei tilsette (vald for 2 år, er på siste året)
Per Arne Hyldbakk (vara frå organisasjonen)
Representant for skoleeigar/fylkeskommunen:
Hilde Andersen - rektor (vara: Kristin Holten - ass. rektor)
Hugo Pedersen er valgt til leiar i skoleutvalet inneverande skoleår.
Kva ønsker skoleutvalet å arbeide med dette skoleåret?
Felles krafttak i alle ledd for å belyse den stadig dårlegare økonomien i distrikta. Denne negative utviklinga må snu, då den får direkte konsekvens for rekrutteringa til arbeidslivet. Behovet for arbeidskraft er større enn nokon gong!
Arbeide for eit godt og breitt tilbod ved Surnadal vgs, spesielt på vg1. Både kortsiktig og langsiktig. Eit godt tilbod er grunnleggande viktig for å kunne bestå som skole. Å bevare Surnadal vgs er særs viktig for å sikre arbeidskraft i regionen framover.
Behalde påbygg til generell studiekompetanse ved Surnadal vgs. Viser elles til kapittel om dette i skoleutvalet sin høyringsuttale (lenke over).
Trøndelagsavtalen: Avtalen gir ungdom frå Rindal og gamle Halsa rett til å søkje skoleplass ved Surnadal vgs. Avtalen er særs viktig for desse ungdommane, sidan Surnadal for mange er den naturlege bo- og arbeidsregionen. Viser elles til kapittel om dette i skoleutvalet sin høyringsuttale (lenke over).
Fleire hyblar: Det er få tilgjengelege hyblar og dei hyblane som finst er langt unna skolen. Mangel på hybel gjer at enkelte elevar takkar nei til skoleplass hjå oss. Hyblar langt unna både skole og sentrum er også ei utfordring med tanke på trivsel.
Fråværsreglementet: Kva som reknast som godkjend fråvær og ikkje. Frustrasjon knytt til at helse ikkje reknast som godkjend fråvær.
Arbeide for trivsel, inkludering og god psykisk helse:
Skoleutvalet ynskjer å setje fokus på god psykisk helse og hindre utanforskap.
Skoleutvalet kan arrangere for eksempel open dag eller frukost for elevane.
Fokus på beredskap.
Skoleutvalet ønsker å styrke kontakten og informasjonsflyten med gruppene medlename representerer.
Kontaktinfo til leiar Hugo Pedersen:
Telefon: 91129434
E-post: hugo.pedersen@surnadal.kommune.no
Møtereferat:
Skoleåret 23-24
Referat frå møte i skoleutvalet 17.10.23.pdf (PDF, 81 kB)
Referat frå møte i skoleutvalet 07.12.23.pdf (PDF, 859 kB)
Referat møte i skoleutvalet 07.03.24.pdf (PDF, 501 kB)
Skoleåret 24-25
Referat fra møte i skoleutvalet 30.10.24.pdf (PDF, 86 kB)
Referat frå møte i skoleutvalet 13.12.24.pdf (PDF, 135 kB)
Referat frå møte i skoleutvalet 18.03.25.pdf (PDF, 143 kB)
Presentasjon frå møte i Skoleutvalet 18.03.25.pdf (PDF, 2 MB)
Referat frå møte i skoleutvalet 14.05.25 (PDF, 165 kB)
Referat frå møte i skoleutvalet 05.06.2025.pdf (PDF, 141 kB)
Oppsummering av høyringsdokument skolestruktur -25.pdf (PDF, 3 MB)
Skoleåret 25-26
Referat frå møte i skoleutvalet 13.10.25.pdf (PDF, 108 kB)