Motorisert ferdsel og parkering

Tillegg til ordensreglementet for elevane ved Surnadal vidaregåande skole: Motorisert ferdsel og parkering på skoleområdet i skoletida

  1. Definisjonar: 

    Skoleområdet omfattar heile Øye-området, der Surnadal barne- og ungdomsskule, Surnadal vidaregaånde skole, Øye barnehage og Surnadal idrettshall er lokalisert, inkludert vegen frå Fv. 65 til Surnadal idrettshall og alle parkeringsplassane knytt til denne. Unntak er parkeringsplassen sør for Øye kyrkje. 

    Skoletid er for elevar ved Surnadal vidaregåande skole tida frå elevane kjem på skolen (noko før kl. 08) til elevane har forlate skoleområdet (ca. kl. 14.45). For elevar som har undervisning på skolen / i idrettshallen til andre tider enn dette, er og denne tida å rekne som skoletid. 
     
  2. Unødvendig køyring med motorisert kjøretøy er ikkje tillatt på skoleområdet i skoletida. 
     
  3. Mopedar og motorsyklar (med to hjul) skal parkerast på tilvist/skilta plass.
     
  4. Parkering av bilar og andre køyretøy med fire hjul er ikkje tillatt på skoleområdet i skoletida. Parkeringsplassen sør for Øye kyrkje skal nyttast. 
     
  5. Dette reglementet er ein del av reglementet ved Surnadal vidaregåande skole. Brot på reglementet vil bli handsama i tråd med bestemmelsane om sanksjonar i dkolereglane for dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Foto som viser elevparkering - Klikk for stort bilete