Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Surnadal VGS > Yrkesfag > Teknologi og industrifag > Industrimekanikar (fagbrev)

Industrimekanikar (fagbrev)

Dette er eit eksempel på eit av fagbreva som kan vere aktuelle etter fullført Vg2-kurs Industriteknologi.

Aktuelle arbeidsstader:

Som industrimekanikar kan du få jobb innanfor mellom anna kjemisk og mekanisk industri, oljeverksemd, skipsbygging og treforedling.

Sentrale arbeidsoppgåver:

Industrimekanikaren driv med tilverking av maskindelar.

Sentrale arbeidsområde er

  • forståing og tolking av teikningar, spesielt samanstillingsteikningar
  • bruk av alle typar handverktøy ved montering og demontering av maskinelement
  • bruk av oppvarming og nedkjøling ved montering og demontering av maskinelement
  • bruk av verktøymaskiner for produksjon og tilpassing av maskinelement
  • reparasjonssveising
  • elektriske frå- og tilkoplingar ved reparasjons- og vedlikehaldsarbeid etter gjeldande forskrifter for slikt arbeid

Personlege eigenskapar:

Ein industrimekanikar må kunne arbeide sjølvstendig, men òg saman med andre. Du bør ha godt handlag og vere nøyaktig.