Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Surnadal VGS > Om skolen > Tiltaksplan

Tiltaksplan

 

Tiltaksplan 2017 - 2018 

Surnadal vidaregåande skole

1. Tilpassa opplæring
For at ungdomen i den vidaregåande opplæringa i Møre og Romsdal skal lukkast og bli godt budd på arbeidsliv og vidare utdanning, skal elevane, lærlingane og lærekandidatane gjennom tilpassa opplæring oppleve meistring og fagleg utvikling.

2. Læringsmiljø
Det skal arbeidast aktivt og systematisk for å fremje eit godt psykososialt miljø, både på digitale og andre sosiale arenaer. Den enkelte elev, lærling og lærekandidat skal oppleve tryggleik og sosialt tilhør.

3. Vurdering
Skolane skal spesielt utvikle kvaliteten innafor den formativ vurderinga med vektlegging på det som fremjar læring, som tydeleg og god struktur i undervisninga, der elevane er kjent med mål, kriterier og kjenneteikn for læringa. Elevane skal ha tydeleg tilbakemelding på kvaliteten på arbeid og prestasjon, i tillegg til framovermelding med råd om korleis dei kan forbetre seg. Det skal vere klare forventningar til elevane si læring og ein positiv og støttande relasjonar mellom elev og lærar. Elevane skal vere involvert i eiget læringsarbeid ved m.a. å vurdere eiget arbeid og utvikling.

4. Relevans i faga
Skolane skal implementere metodikken frå FYR-satsinga og arbeide aktivt med fagleg relevans i fellesfag og programfag

5. Kompetanseutvikling
For å sikre kompetansebygging skal fylkesutdanningssjefen bruke dei innarbeidde systema (fylkesakademiet, rektorutdanning og vidareutdanning, leiarsamlingar, fylkeskommunens eiget leiarutviklingsprogram, fagnettverk, rådgivarnettverket m.m.) slik at dei tilsette får nødvendig kompetanseutvikling.

6. Medverknad - elevar og føresette
Samhandling med elevar og førsesette, og styrking av elevdemokratiet.

7. Samarbeidsstrukturar med ungdomsskolane, kommunane og næringslivet
Det skal saman med lokalt og regionalt arbeidsliv, privat og offentleg, arbeidast for å skape fleire lære- og opplæringsplassar.
Gjennom avtalar om utplassering i yrkesfagleg fordjuping skal skolane arbeide for å formidle elevane til læreplass.
Det skal arbeidast med å vidareutvikle varige samarbeidsstrukturar både når det gjeld overgangen frå ungdomsskole til vidaregåande skole og frå vidaregåande skole til vidare studiar eller opplæring i bedrift.

8. Utvikle rådgivingstenesta
Det skal arbeidast med å utvikle rådgivingstenesta slik at elevane får eit godt grunnlag for å gjere val om utdanning og yrke.

Søke