Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Surnadal VGS > Nyheiter > Viktig informasjon i samband med inntak til vidaregåande opplæring skoleåret 2019/2020

Viktig informasjon i samband med inntak til vidaregåande opplæring skoleåret 2019/2020

Viktig informasjon frå Utdanningsavdelinga v/inntakskontoret: 

I år blir det ikkje sendt ut svarkort og purrekort etter 1. inntaket slik som vi tidlegare har gjort. Dette betyr at søkarane vil få melding på sms og e-post frå oss ca. 5. juli når inntaket er klart med melding om å logge på vigo.no for å registrere svar innan fristen 12. juli.

Dei søkarane som ikkje svarer på tilbod om skoleplass og-/eller ventelisteplass innan fristen 12. juli vil miste tilbod om plass og-/eller ventelisteplass.

Dei som får tilbod om plass og-/eller ventelisteplass i 2.inntaket vil få melding om dette ca. 2. august og vi gjer dykk oppmerksom på at det er svært kort svarfrist. Fristen er 5. august. Dei som ikkje har svart innan 5.august vil miste tilbod om plass og-/eller ventelisteplass og bør ta direkte kontakt med skolen og be om å få stå på lokal venteliste.

NB! Det er svært viktig at du er registrert med riktig telefonnummer og e-postadresse i Vigo. 

Søkarar som av ulike grunner ikkje har tilgang til vigo.no må sjølv passe på fristen for å registrere svar innan fristane. Søkarane kan ringe oss på telefon 71 28 01 50 eller sende oss e-post på inntak@mrfylke.no. Frå 5. juli vil vi ha telefontid frå 09-11 og 12-14.

Til slutt gjer vi oppmerksom på at frist for å registrere førehandssvar på vigo.no er 1. juli. Vi kan hjelpe søkarar som ikkje har tilgang til vigo.no med å registrere dette før 1. juli. Søkarane må da ta kontakt med inntakskontoret på 71 28 01 50.

Søkarar som av ulike årsaker ikkje oppheld seg i Noreg i periodane inntaket blir lagt ut og har problem med på svare på vigo.no må ringe inntakskontoret for å svare på plass.