Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Surnadal VGS > Nyheiter > Undervisningsevaluering

Undervisningsevaluering

I veke 5 startar undervisningsevalueringa på Surnadal vgs. I denne digitale evalueringa svarar elevane som tidlegare år, på korleis dei opplever undervisninga.

Elevane er anonyme når dei deltek i evalueringa. Evalueringa er eit verktøy for læraren til å vidareutvikle si undervisning i dialog med elevane.

Resultata av evalueringa blir berre tilgjengeleg for den enkelte lærar og nærmaste leiar.

Det er no Rambøll som leverer løysinga for denne evalueringa, og plattforma er difor ny.

Elevane vil svare på den i løpet av veke 5 og 6.