Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Surnadal VGS > Nyheiter > Skolehelsetenesta

Skolehelsetenesta

Surnadal vgs er heldig som har både helsesjukepleiar, førebyggingsrådgjevar og ungdomskontakt tilgjengeleg for elevane. Her kan du lese meir om tenesta. 

Skolehelsetenesta finn du i 1. etg ved garderobane i A-bygget. Helsesjukepleiar Berit Moan Møkkelgård, førebyggingsrådgjevar Marit Meisingset og ungdomskontakt Kristin Børset har open trefftid kvar tysdag, onsdag og torsdag. 

Tidspunkt:
Tysdag: Kristin kl 10.00 – 14.00.
Onsdag: Marit kl 09.00 – 13.00 (etter avtale)
Torsdag: Berit kl 10.00 – 14.00. 

Berit tek seg av tema som:

  • Samliv, seksualitet og seksuelt overførbare sjukdommar.
  • Kan skrive ut resept på prevensjon. Gratis kondomer.
  • Graviditet/abort. Graviditetstest.
  • Andre utfordringar knytta til helsa di.

Alle er tilgjengeleg for å snakke om:

  • Alkohol/rus, tobakk
  • Kosthald, spiseproblem
  • Tilpasning i skulen
  • Mistrivsel
  • Vanskeleg livssituasjon
  • Angst og depresjon
  • Vald, overgrep
  • Mobbing, skulemiljøet
  • Familieforhold, vennskap
  • Bistand til aktivitet (Kristin)
  • Med meir  

Ingen tema er for store og ingen er for små! 

ALLE TRE HAR TEIEPLIKT!

ALL hjelp er gratis, ingen henvisning er nødvendig. 

Telefonnummer: 

Berit: 468 78 259

Marit: 917 69 241

Kristin: 911 59 310   Facebook: Ungdomskontakt Kristin

 

HELSESTASJON FOR UNGDOM
På helsestasjon for ungdom kan du treffa helsesjukepleiar, jordmor og lege. Tenesta er for alle unge frå 13-25 år. Vi har lokaler i kjellaren på Surnadal ungdomsskole.

Åpningstid: Tysdagar frå kl 12.45 - 14.30

Du hjarteleg velkommen til oss!