Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Surnadal VGS > Nyheiter > Oppstart tysdag 12. mai

Oppstart tysdag 12. mai

Frå tysdag 12. mai vil det bli ein kombinasjon av undervisning på skulen og heimeundervisning.

Elevane vil få ein detaljert plan for oppmøte med sin kontaktlærar. Vi gjer merksam på at 2HE1, 2IN1 og 3AU1 er inne som «vanleg» måndag 11. mai. og skal da bruke dei romma/områda dei allereie har fått tildelt.

Alle heildagsprøvar vil bli gjennomført på skulen.

Det skal følgjast vanleg timeplan når elevane er inne på skolen. Det skal fortsatt vere digital undervisning når elevane ikkje er inne på skolen. Dette skal og følge vanleg timeplan.

Utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har bestemt at vi ikkje skal ta inn meir enn 50% av elevane på same tid. Dette grunngjev dei med kapasitet/smittevern kva gjeld skoleskyss.

Vi oppmodar elevane til å unngå å nytte seg av offentleg transport dersom det er muleg.  Det er berre elevar som har skyssrett som får sitje på skolebussen. Smittevernreglane må følgjast nøye.

Det blir eit avgrensa tilbod for kjøp av mat og drikke på skolen, men kantina blir avstengt for vanleg drift og for opphald for elevane.

For vidaregåande skole gjeld ikkje makstal for kvar klasse (kohort), men det skal vere minimum ein meter mellom elevane. Vi oppmodar elevane til å setje seg inn i veiledaren for smittevern som gjeld vidaregåande skole.

https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/ungdomsskole-vgo/

Velkomen tilbake på skulen!