Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Surnadal VGS > Nyheiter > Nyttig informasjon til deg som skal starte på vg1

Nyttig informasjon til deg som skal starte på vg1

Her kjem litt informasjon til deg som skal starte på Surnadal vgs i haust. Ta gjerne kontakt med skolen om noko er uklart. 

SKOLESTARTPORTALEN

Førsteinntaket til vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal fylkeskommune er 3. juli. Svarfristen er 10. juli.

Etter at du har fått tilbod om skoleplass vil du få ein eigen sms frå Møre og Romsdal fylkeskommune med ei lenke til nettsida skolestart.mrfylke.no. I denne portalen kan du gjere nødvendige val i samband med skolestart. Her kan du velje målform, om du ønskjer å kjøpe ein fylkeskommunal elev-PC og kva matematikkvariant, toppidrettsvariant og framandspråk du ønskjer på vg1 studiespesialisering.

Ikkje alle får tilbod om skoleplass ved første inntak. Dei dette gjeld må vente med å svare på skjemaet til dei har takka ja til skoleplass. I Møre og Romsdal er andreinntaket 31. juli. Svarfristen er 3. august.

Første skoledag er måndag 17. august.

UTSTYRSSTIPEND FRÅ LÅNEKASSEN

Har du takka ja til skoleplass? Da kan du søke om stipend frå Lånekassen. Det er lurt å gjere det no, for når hausten kjem er det lang behandlingstid.

Når du søker, sjekkar Lånekassen automatisk om du har rett til andre stipend, som for eksempel grunnstipend eller bustipend. Er du over 18 år kan du signere avtalen digitalt. Er du under 18 år, må føresette signere avtalen.

Søknadsfristen er 15. november, men vi anbefaler deg å søke så fort du har fått skoleplass. Da vil pengane mest truleg vere klare til skolestart. 

Satsane for utstyrsstipendet finn du på Lånekassens heimeside.

SØKNAD OM SKOLESKYSS

Så snart du har takka ja til skoleplass er det viktig at du søkjer om skoleskyss. Dette er noko du må gjere årleg. I lenka nedanfor finn du nødvendig informasjon og snarveg til skoleskyssportalen:

https://mrfylke.no/…/elev-i-vidaregaaande-…/skoleskyss-i-vgs

Hugs at du skal bruke kortet alle åra du går på skole og har rett til fri skoleskyss. Ta godt vare på kortet!