Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Surnadal VGS > Nyheiter > Nyttig informasjon før skolestart

Nyttig informasjon før skolestart

Her har vi samla nyttig informasjon om skoleskyss, PC-ordninga, utstyrsstipendet frå Lånekassen og portalen skolestart.mrfylke.no. 

SKOLESKYSS
Som elev på vidaregåande skole har du rett til fri skoleskyss dersom det er meir enn 6 kilometer avstand mellom heim og skole.

Elevar på vidaregåande må sjølv søke om skyss gjennom skoleskyssportalen. Vi gjer merksam på at ved delt bustad må du legge ved stadfesting. Du finn eit skjema for dette i høgre marg på denne sida: https://mrfylke.no/Tenesteomraade/Utdanning/Elev/Skoleskyss

Skoleskyssportalen er integrert med folkeregisteret og vil hente riktig adresse ut i frå eleven sitt personnummer og etternamn. Berekninga av avstand er rekna ut frå Møre og Romsdal fylkeskommune sine kartdata, og kortaste farande veg fra eleven si adresse til eleven sin skole (frå dør til dør). 

Du kan søkje om skoleskyss når du har takka ja til skoleplass. Du søkjer her: skoleskyss.mrfylke.no

Spørsmål? Kontakt Mette på Surnadal vgs: tlf 71 28 44 00, e-post mette.helen.mikkelsen@mrfylke.no eller send e-post til samferdselsavdelinga: skoleskyss@mrfylke.no

Les meir om skoleskyss her: https://mrfylke.no/Tenesteomraade/Samferdsel/Skoleskyss 

PORTALEN SKOLESTART.MRFYLKE.NO
Når du som elev har fått tilbod om skoleplass vil du i juli/august få ein eigen sms frå Møre og Romsdal fylkeskommune med ei lenke til nettsida skolestart.mrfylke.no. I denne portalen kan du gjere nødvendige val i forbindelse med skolestart. Her kan du velje målform, matematikkvariant på vg1 studiespesialisering, framandspråk på vg1 studiespesialisering og om du ønskjer å kjøpe ein fylkeskommunal elev-PC eller få eit PC-stipend.

Ikkje alle får tilbod om skoleplass ved første inntak. Dei dette gjeld må vente med å svare på skjemaet til dei har takka ja til skoleplass. I Møre og Romsdal er andre inntak cirka 3. august.
 

PC-ORDNINGA
Du kan velje mellom to ulike ordningar: Kjøpe elev-PC gjennom Møre og Romsdal fylkeskommune, eller få utbetalt eit PC-stipend.

Om du ønskjer å kjøpe elev-PC kan du velje mellom to betalingsløysningar:

1) Å få rekning frå Møre og Romsdal fylkeskommune ein gong i året, i tre år (til saman tre betalingar). Etter tre betalingar, er PC-en din. Kvar rekning er på 1032 kroner.

2) Å betale PC-en i eit avdrag. Du vil også da få ei rekning frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Etter betaling er PC-en din. Rekninga er på 3096 kroner.

Service, vedlikehald og forsikring for tre år er inkludert (gjeld ikkje tap av maskina, f.eks tjuveri). PC-en skal vere klar for utlevering rundt skolestart.

Har du eigen pc fra før som du ønsker å bruke eller du ønsker å kjøpe ein anna modell, kan du få PC-stipend frå fylkeskommunen på kr 2500. Utbetalinga er i slutten av september og dette er eit eingongsbeløp. Når du tek imot PC-stipend må du sjølv sørge for å ha ei datamaskin som har minst like god kapasitet som fylkes-PCen. Du står ellers fritt til å velje kva datamaskin du ønskjer, men den må vare klar til skolestart. ​Du treng ikkje å søke om å få PC-stipendet. Skolen ordner dette for deg. 

PC-ordninga kan du lese meir om her: https://skolestart.mrfylke.no/#/pcinfo 

STIPEND FRÅ LÅNEKASSEN
ALLE elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, men du må søke om stipendet. Utstyrsstipendet frå Lånekassen er ikkje avhengig av kva foreldra dine tener.

Utstyrsstipend er meint å hjelpe til å dekke skolemateriell, og du kan få 1032, 2285 eller 3818 kroner i stipend, avhengig av kva for utdanningsprogram du er elev på. Du får heile utstyrsstipendet utbetalt ved skolestart (eingongsutbetaling).

For utdanningsprogram på Surnadal vgs gjeld følgjande satsar:
Studiespesialisering og helse- og oppvekstfag: 1032 kr.
Bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, teknikk- og industriell produksjon og studiespesialisering med toppidrett*: 2285 kroner. 

Det er ein felles søknad for stipend og lån, og når du søker om stipend vil vi også sjekke om du har rett til anna stønad frå Lånekassen.

Du kan søke når du har takka ja til ein skoleplass. Førsteinntaket i Møre og Romsdal er cirka 6. juli. Søknadsfristen er 15. november, men det er lurt å søke så fort som muleg slik at du får pengane dine til skolestart. 

Du kan lese meir om utstyrsstipendet her: https://www.lanekassen.no/…/Sa-mye-kan-du-fa/Utstyrsstipend/ 

NB! Vedtaket får du på Dine sider på Lånekassen. Om du er under 18 år må ein av foreldra dine signere avtalen elektronisk. Elevar over 18 år signerer avtalen sjølv.

Foreldre med digital postkasse vil få kopi av svaret frå Lånekassen elektronisk, enten i Digipost eller e-Boks, ut i frå kva postkasse dei har valt seg. Foreldre som ikkje har valt seg ein digital postkasse, får kopi av svaret, og avtalen som skal signerast i posten. Uavhengig om foreldre har digital postkasse, eller ikkje, kan dei signere elektronisk. Eleven må ikkje gjere noko sjølv i søknaden om stipend, for at foreldre skal kunne opprette digital postkasse eller for å kunne signere elektronisk. 

Les meir om foreldresignering her: https://lanekassen.no/nn-NO/stipend-og-lan/vanlig-videregaende-opplaring/slik-sokjer-du/foreldre-signere-for-barn-under-18/ 

*Legg særleg merke til at om du skal gå studiespesialisering med toppidrett må du velgje dette i søknaden din. Det gir ein høgare sats for utstyrsstipendet. For å få til dette må du svare nei på spørsmålet om det er greit at Lånekassen henter opplysningar frå VIGO. Deretter henter du riktig nformasjon om skole og program i rullegardinmenyen (studiespesialisering med toppidrett). 

Bortebuar?
Du kan ha rett til bustipend på 4 437 kroner i månaden dersom du må bu borte frå foreldra dine. Bustipendet er ikkje behovsprøvd etter foreldreøkonomi og kjem i tillegg til eventuelle andre lån og stipend du kan ha rett på.

For å få bustipend må avstanden mellom foreldreheim og skole vere meir enn 4 mil, eller reiseruta er tre timar tur-retur eller meir. Les meir om bustipend her: https://www.lanekassen.no/nn-NO/stipend-og-lan/vanlig-videregaende-opplaring/Sa-mye-kan-du-fa/bor-borte/ 

Om du treng hjelp eller har spørsmål omkring stipendordninga, kan du kontakte Mari på kontoret på Surnadal vgs. Tlf: 71 28 44 04 eller e-post til mari.vattoy@mrfylke.no